Bergens Tidende har intervjua sunnfjordingen Oddvar Torsheim om kraftlinje-saka i Hardanger, og han legg ikkje skjul på engasjementet han har i saka.
- Dette er ei katastrofe! Ei maktarroganse utan like! Hardanger er verdsarv. Seinare generasjonar kjem til å hate oss dersom vi ikkje gjer noko, seier han til avisa, og påpeikar at det må kunne gå an å leggje sjøkabel med den økonomien ein har i Norge.
Gneldre litt
Han opplever at publikum set pris på engasjementet som syner seg i bileta hans.
- Eg er ikkje verdsmeister i politikk, men eg ser meg rundt, og set fingeren på enkeltsaker. Eg er ein kommentator. Det er ikkje mykje ein klarer åleine, men ein kan klare å lage litt "gneldr," påpeikar han til BT.
Og han tykkjer fleire burde gneldre over Hardanger-mastene.
- Denne saka er så viktig at protesten burde vore massiv. Ei stygg historie, avsluttar han.
Kva tykkjer du om kraftlinje-saka i Hardanger? Diskuter i kommentarfeltet!