Fredag er dronning Sonja i Flekke for å besøke United World College (UWC) og Haugelandsenteret. Fredag ettermiddag går turen vidare til Åmot Operagard i Bygstad.

Sjå bildeserie frå dronningbesøket

Hedda Skår Midtbø og Agnes Ønnerstad går på skule i Fjaler og var spente før dei fekk treffe dronning Sonja.

– Vi var spente først, men då vi traff ho var det ikkje så verst. Det var kjekt å møte ho, fortel jentene.

Fekk møte elevane

Dronninga spurte ho om kva dei hadde gjort i dag, og dei svara pliktoppfyllande:

– Vi svarte at vi hadde vore ute i fjorden og padla, og at det var kjekt!

LES OGSÅ: Dronninga har landa

Dronning Sonja fekk òg orientering om Haugelandssenteret og fekk møtt elevar frå UWC, midt i ein biologitime.

– Denne skulen er veldig viktig for inkludering, samarbeid og fred i verda. Eg er utruleg glad for at skulen fekk vere her i Flekke. Å få unge menneske saman er det beste for fred i verda. Her er det to hundre elevar frå 95 ulike land, tenk på kva det betyr, det er eit så fantastisk tiltak, seier dronninga.

La ned grunnstein

Etter sang og musikk frå elevar på skulen var grunnsteinen klar for nedlegging av grunnsteinen på det nye UWC-bygget. Dronninga fekk i oppgåve å plassere skrinet og ause nokre skeier betong over.

– Det er vel ikkje meininga at eg skal bygge heile huset? spurte dronninga til humring og latter frå tilhøyrarane.

Det nye bygget heiter UWC Connect og skal vere for leirskule, sommerskule og besøkssenter. Det kjem til å bli plass til 96 gjestar i bygget som skal stå ferdig i 2015.

UWC håpar at dronninga vil kome attende til opninga.

– Det har eg lyst til, så dei må sende meg datoen så fort som mogleg, seier dronninga.

Supermann på ferde

Det er mykje som skjer i Flekke i dag. Blant anna har elevar frå UWC arrangert «adventureoppdrag» som inneber at dei har kledd seg ut.

Så om du ser Supermann, så er det berre fordi dronning Sonja er på besøk.