Det einaste som verka var fotoboksane

All infrastruktur, bortsett frå fotoboksane i Lærdalstunnelen, slutta å virke under storbrannen 18. januar i år.

All infrastruktur, bortsett frå fotoboksane i Lærdalstunnelen, slutta å virke under storbrannen 18. januar i år. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Mobil, straum- og telefonnett braut saman. Men fotoboksane i Lærdalstunnelen verka.

DEL

Det er Aftenposten som i dag skriv om dette i ein artikkel som tek føre seg samanbrot i tele- og mobilnettet.

18. januar i år oppstod den største brannen i Norge etter krigen. Det skjedde i Lærdal, der heile 41 hus brann ned.

All infrastruktur braut saman. Nesten i alle fall. For fotoboksane tok framleis fartssyndarane.

– Gudane veit korleis

– Det einaste som verka i heile området var fotoboksen i Lærdalstunnelen, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor til Aftenposten.

Og legg til: – Gudane veit korleis fotoboksen kunne fungere. Alt anna forsvann då sentralen brann ned.

Direktoratet veit

Grunnen til at fotoboksane verka er ganske enkel. Dei hadde naudstraum. Då brannen slo ut trafoanlegget, kopla fotoboksane seg automatisk over.

Slik kunne Statens vegvesen halde fram med å ta fartssyndarar, sjølv om ingenting anna fungerte.

Dag Vidar Torget i Vegdirektoratet jobbar med radiokommunikasjon i tunnelen. Til Aftenposten seier han:

– I tunnelane har utstyret naudstraum i minimum ein time. I nokre tunnelar lenger. Så lenge straumen fungerar, vil også fotoboksane fungere. Og med det nye naudnettutstyret vil det vere åtte timars naudstraum.

Artikkeltags