- Det buldra skikkeleg

Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

Geolog skal undersøkje området kl. 11 i dag.

DEL

Seint i går kveld var Statens vegvesen til stades på rasområdet med helikopter og vurderte området. Det vart sett ut lyttepostar som kunne varsle om fleire ras.

Buldring i natt

Kl. 03.10 buldra det skikkeleg, og fleire av dei lokale innbyggjarane trudde det gjekk fleire ras.

- Det buldra skikkelig og høyrtest ut som det kom ned store mengder av fjellet. Vi sov og våkna av bråket, seier tipsar til Firda.

Ikkje nye ras

Men operasjonsleiar ved politet kan melde at det ikkje har skjedd nye ras.

- Vi har ikkje fått meldingar om nye ras, og det har vore folk til stades i heile natt.

Sjå fleire bilete her.

Skal utforske området nærare

Åtte personar er evakuerte frå bustadane sine etter raset i Stongfjorden i går ettermiddag, deriblant .

Det kjem geolog for vidare vurdering av området i dag kl 11.00.

- Det vil då bli avgjort kva som vidare vert gjort i området, og kor vidt dei evakuerte kan dra heim att, seier operasjonsleiar ved politiet.

Rune Stubseid er ein av dei evakuerte, og har hytte like under rasområdet. Les meir her.

Artikkeltags