Gå til sidens hovedinnhold

- Det blir krevjande for alle innbyggjarane i fylket

Artikkelen er over 11 år gammel

- Vi må ned 150 mill. i løpet av ein treårsperiode, slår Clara Øberg fast.

Prosessen vil koste, noko styreleiearen i Helse Førde ikkje la skjul på.

Treng kreative kutt

-Det blir ei stor utfordring for oss i styret, dei tilsette og for alle i heile fylket.

-Men kuttprosessen kan føre til at kreativiteteten kan blome internt på avdelingane, meiner Øberg og viste til at Øre-nese-hals-avdelinga har gjort tiltak.

Randi Elise Fagereng, tilsettrepresentant i styret støtta også denne måten å sjå kutta på.

- Vi oppmodar alle dei tilsette om å ta i bruk kreativiteten, seier Fagereng som samstundes også ga beskjed om at informasjoinen frå Helse Førde kjem godt ut eksternt, men ikkje like bra internt.

Uro blant tilsette

-Dette skaper ei uro blant dei tilsette,seier Fagereng og la til at det er viktig at dei tilsette må få vere med i arbeidet med kuttprosessen.

Dette forsikra styreleiar Clara Øberg Fagereng om.

Ambulanse

Knut Cotta Schønberg i styret meiner det er viktig at responstida for ambulansen må ned.

-Eg synest det er betre at vi heller samlar personellet vårt i staden for å samle mange av dei på ein stad slik at vi unngår lengre responstid.

Millionkutt

Helse Førde har eit resultatkrav på – 40 millionar neste år, - 20 millionar i 2011 og krav om balanse i 2012.

Helseføretaket må realiserer omstillingstiltak på 18 millionar i 2011 og ytterlegare 21 millionar i 2012.