Frimerke frå Sogn og Fjordane som vart selde på F. C. Moldenhauer sin auksjon i Oslo fredag, gjekk til summar skyhøgt over utropsprisen.

Merka i seg sjølv har ikkje særleg høg verdi, men sjeldne stempel sende prisane til vêrs.

Battalden til 3400 kroner

Eit frimerke frå Battalden (Batalden) frå 1873 med ein utropspris på 1500 kroner, nådde 3400 kroner, eller 4012 kroner med salær.

- Dette er eitt av dei mest sjeldne stempla frå Sogn og Fjordane, og av rimeleg god kvalitet, fortel Hallvard Viken som sjølv er interessert i filateli og har samla på frimerke sidan han var gutunge.

Eit anna frimerke som blei selt, Nøstdal (Naustdal) frå 1886, er ikkje så sjeldan, men her er stempelkvaliteten svært god, og dermed vart sluttprisen 3200 kroner pluss salær. Det vil seie 3776 kroner som er skyhøgt over utropsprisen på 250 kroner.

- Her er det snakk om luksuskvalitet, seier Hallvard Viken.

Det er sjeldan enkeltmerke frå vårt område ligg så høgt i pris, fortel han.

Heile stempel mest verdfulle

Samlarar er mest interessert i gamle stempel når heile stempelet viser. Difor må ein ikkje klippe av frimerke, er rådet hans.

- Så no er det kanskje einkvan som vil leite i gamle brev og kort som dei har teke vare på. Finn dei merka med desse stempla på brev, kan det rekne med at verdien blir mykje høgare enn det som vart oppnådd på denne auksjonen, seier Viken.

Ålhus til 40.000

For nokre år sidan gjekk eit brev stempla Ålhus, med det første norske nummerstempelet, for 40.000 kroner. Det hadde tre ringar og nummer 3 for Aalhuus og var frå 1855.

Tre skilling var vanleg brevporto, og eit frimerke som gjekk i store opplag på den tid. Eit merke med dårleg stempel har difor ikkje særleg verdi, men gode stempel gir gode prisar, fortel Hallvard Viken.

På auksjonen fredag gjekk også eit frimerke frå Maaren (Måren i Høyanger) under hammaren. Det nådde 3000 kroner, tre gonger så mykje som utropsprisen.