Desse vegane får pengar

Strekninga Dregebø - Grytås er blant strekningane på E39 som blir prioritert i statsbudsjettet for 2014.

Strekninga Dregebø - Grytås er blant strekningane på E39 som blir prioritert i statsbudsjettet for 2014. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Vidarefører dei store prosjekta som ligg inne frå før.

DEL

I statsbudsjettet for 2014 foreslår regjeringa 225 millionar kroner til strekningane Dregebø – Grytås og Birkeland – Sande nord på E39.

Les også: Gaular vart budsjettvinnar blant kommunane

Dei to strekningane blir bygde som eitt prosjekt og omfattar:
* Bygging av vel åtte kilometer ny veg, med tre kilometer i ny trasé forbi Sande sentrum.
* Tunnel i ei lengde på ein kilometer langs Økslandsvatnet.
* Ny bru på om lag 100 meter og to kilometer gang- og sykkelveg ved Sande.

Anleggsarbeida starta i juni i år, og prosjektet er venta å opne for trafikk i 2016, eitt år seinare enn den opphavlege planen.

To ferjekaier

Innanfor den foreslåtte investeringsramma for E39 er det også lagt opp til å vidareføre ombygginga av Lavik ferjekai, med opning for trafikk i 2014. Elles er det også sett av midlar til sluttfinansiering av Anda ferjekai og strekninga Torvund - Teigen.

Les også: 340 millionar til høgskulen

Til Kvivsvegen på E39 er det foreslått 18,9 millionar kroner, pengar som skal gå til restarbeid og sluttoppgjer på vegen som vart opna i 2012.

På E39 er det også prioritert midlar til bygging av gang- og sykkelvegar på strekningane Farsund - Kusslid og Klokkargarden - Hjelle.

Innanfor investeringsramma for E39 er det også sett av midlar til ombygging av Instefjordkrysset.

Store prosjekt på E16

På E16 er det foreslått 150 millionar kroner til Varpe bru – Otrøosen – Smedalsosen i kommunane Vang i Oppland og Lærdal i Sogn og Fjordane. Prosjektet er ein del av den samla utbygginga av E16 over Filefjell.

Les også: 1,1 mill meir til folkemusikk 1,1 mill meir til folkemusikk

På E16 er det også foreslått å løyve 226 millionar kroner til Smedalsosen – Maristova – Borlaug i Lærdal. Prosjektet fører til omlegging av ei om lag 11 kilometer lang strekning. Fire rasutsette punkt på strekninga blir fjerna. Det skal byggast ein kjettingplass, og forholda skal leggast betre til rette for venting i samband med kolonnekøyring. Hovedarbeida starta i 2011, og prosjektet er venta å opne for trafikk i juni 2014.

Ny bru i Sogndal

På riksveg 5 er det prioritert midlar til Loftesnesbrua på riksveg 5 i Sogndal. Her vert det lagt opp til anleggsstart i juni 2014, eitt år seinare enn den opphavlege planen. Den nye brua er venta å opne for trafikk i 2016.

På riksveg 55 er det også sett av midlar til ein fotgjengarovergang ved Stedje.

Artikkeltags