Desse kjem til Fjordblues

Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Programmet til årets Fjordblues vart slept i dag.

DEL

Dei siste åra har festivalen auka sitt artistbudsjett, og resultatet er deretter, seier bookingansvarleg, Leif Egil Verpeide.

- Programmet i år er kvalitetsmessig godt, seier han.

Artistar 2013:

  • Southern Hospitality (USA) er den nye supergruppa frå USA innan blues. Dei er i Norge for første gang.
  • Blues Caravan med ei samling av morgondagens gitarheltar og bluesstjerner. Gruppa består av Joanne Shaw Taylor (ENG), Bart Walker (USA) og CJ Wilder (USA).
  • Paal Flaata (NOR) er ei av Norge si beste stemmer. Hans siste plate frå 2012 har hausta strålande kritikkar.
  • T-Bear and the Dukes of Rhythm (SWE) var på Fjordblues også i fjor, etter den framføringa undrar ein om dei er Sverige sitt beste bluesband.
  • Lokalt band frå Firda Vidaregåande skule.
  • Lokalt kor

Nytt av året er høve til å delta på workshop med T-Bear and the Dukes of Rythm. I tillegg kan ein få med seg ein kyrkje- og familiekonsert med Paal Flaata.

Breidd publikum

Festivalen vert i år arrangert for 16. gang, og i følge bookingansvarleg er det eit breidd publikum som besøker festivalen kvart år.

- Dei aller fleste kan finne musikk dei likar, og dei siste åra har det vore ein trend at også yngre folk besøkjer oss, seier han.

Han legg til at menn mellom 40 og 60 år utgjer eit stort fleirtal av besøkjande.

Hotellet nesten sprengt

Fleire av gjestane plar overnatte på Gloppen Hotell, og ifølge Verpeide er hotellet nesten fullbooka under årets festival. Og dette er allereie før billettane har blitt lagt ut for sal.

- Dei faste gjestane kjem uavhengig av kven som står på plakaten, seier han.

Festivalen går av stabelen 18.–19. oktober på Sandane, og er den einaste av sitt slag i Sogn og Fjordane.

Billettar til festivalen vil bli lagt ut for sal i september.

Artikkeltags