Desse får breibandspengar

Bulandet er ein av plassane som no får glede av breibandsutbygging neste år.

Bulandet er ein av plassane som no får glede av breibandsutbygging neste år. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fleire små stadar i fylket får no breiband.

DEL

Fylket har fått tildelt om lag 40 millionar av Post- og Teletilsynet til utbygging av breiband.

Dette gjer at det vert bygd ut for om lag 90 millionar i fylket neste år.

– No får vi endeleg eit løft. Dette gleder og inspirerer, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, som også er leiar i IT-forum i Sogn og Fjordane.

Blant dei som får mest

Tildelinga Post- og Teletilsynet er på 160 millionar på landsbasis, Sogn og Fjordane får over 39 millionar av desse pengane. I tillegg til Sogn og Fjordane får også Nordland og Troms ein solid del av potten.

– Vi hadde nok ikkje fått så mykje i fylket, om vi ikkje hadde hatt ein samla slagplan. Dette er eit godt eksempel på at samarbeid mellom kommunar har fungert, seier prosjektleiar i fylkeskommunen si næringsavdeling, Olav Skarsbø.

Dei har saman med IT-forum Breiband og Vestlandsforsking jobba saman om søknaden i lenger tid.

Aldri fått meir

Sogn og Fjordane søkte om totalt 61 millionar, men har aldri fått ei større tildeling i høve breibandsutbygging, heiter det i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Fylket søkte om pengar til fire prosjekt, og fekk tildelt pengane dei søkte om til dei to som var øvst prioritert. Dette er eit samarbeid mellom 23 av kommunane i fylket, og skal vere pengar til å betre utbygginga i kommunar med dårleg breibandsdekning.

Dei 40 millionane frå Post- og Teletilsynet, gjer at også fylkeskommunen går inn med ni millionar, medan kommunane legg fem i potten. I tillegg går breibandsleverandørane inn med midlar, som gjer at rammene for utbygginga i 2015 blir på 90 millionar.

I tabellen under kan du sjå kva kommunar som får glede av pengane.

Kommune

Prosjekt

Hus-standar

Kost.pr tilkopling

Brutto kost

Sum offentleg

Post- og Teletilsynet

Aurland

Undredal

44

49 000

3 400 000

2 800 000

1 960 000

Bremanger

Hauge område

265

5 706

6 135 000

2 036 000

1 512 000

Flora

Stavøy

28

53 953

2 870 000

2 158 100

1 510 670

Førde

Ytre del av Hornnes/ Hornnesvika, Erdalen, Rotenes, Kloppstad, Hesjedalen

38

39 921

2 870 000

2 207 000

1 517 000

Hornindal

Lødøen-Gausemel til Møre grense

130

24 500

6 500 000

4 550 000

3 185 000

Hyllestad

Sørbøvåg og Skifjord

375

5 600

4 875 000

2 850 000

2 100 000

Høyanger

Lavik

65

6 138

570 000

570 000

399 000

Luster

Skjolden

135

15 556

5 025 000

3 000 000

2 100 000

Selje

Borgundvåg og Nordfjord hamn

27

42 185

2 032 000

1 627 000

1 139 000

Sogndal

Sogndalsdalen

70

30 071

3 780 000

2 827 000

2 105 000

Vik

Feios

50

32 000

3 150 000

2 400 000

1 600 000

Årdal

Vikadalen

55

15 591

1 572 500

1 192 500

857 500

1 278

27 694

40 976 930

26 706 930

19 985 170

Prosjekt A2

Kommune

Prosjekt

Hus-standar

Kost. pr tilkopling

Brutto kost

Sum offentleg

Post- og Teletilsynet

Askvoll

Bulandet og Værlandet

40

79 199

6 275 000

3 745 625

2 887 978

Balestrand

Fjordane

78

25 128

3 300 000

2 550 000

1 960 000

Eid

Haus, Ervik og Øvre Kjølsdalen

40

9 777

1 145 000

545 000

391 078

Fjaler

Flekke

65

18 747

2 675 000

1 700 000

1 218 527

Gaular

Bygstad

306

6 713

7 544 340

2 515 740

2 054 076

Gloppen

Kandal

26

41 939

2 020 000

1 500 000

1 090 411

Leikanger

Hamre – Hella

40

46 639

3 600 000

2 500 000

1 865 540

Lærdal

Eri-Hundere til Seltun

159

11 583

5 944 000

2 372 000

1 841 668

Naustdal

Naustdal sentrum vest

200

5 250

3 400 000

1 500 000

1 050 000

Solund

Kolgrov og Ytrøy

114

32 565

8 260 000

5 800 000

3 712 395

Stryn

Rise - Mindresunde

108

15 988

4 888 000

2 137 400

1 726 749

1 176

286 527

49 051 340

26 865 765

19 798 420

Artikkeltags