På oppdrag frå Statens nærings- og distriktsutviklingsfond (SND) i Sogn og Fjordane, har ho vore prosjektleiar for prosjektet som skal gje ulike verksemder designhjelp i fleire produksjonsledd – og i grafisk samanheng.

Utgangspunktet for ein samarbeidsavtale mellom SND og Norsk Designråd har vore at unik design – både på sjølve produktet, måten ein marknadsfører det på, og måten ein produserer det på – kan vere med på å byggje merkevarer, og samstundes gjere produksjonen meir effektiv.

Ulike designbehov
Av dei om lag 30 bedriftene i Sogn og Fjordane som fekk tilbod om hjelp frå Norsk Designråd, har 13 uttrykt behov for hjelp til grafisk design, fem vil bli betre på industridesign og fem andre vil ha emballasje i tillegg. Dessutan vil éi bedrift ha hjelp med web-design.

– No er målet at Norsk Designråd skal besøkje alle bedriftene i løpet av ein intensiv periode i haust, fortel Hallaren.

Bedriftsrådgjevar Berit Linquister i Norsk Designråd samarbeider med SND Sogn og Fjordane om designformidling.

Ho skal besøkje alle bedriftene som vil ha hjelp, og har allereie vore i kontakt med nokre av dei.
SND vil gjerne at lokale designerar skal få høve til å vere med på å konkurrere om jobbane, ikkje berre dei store designmiljøa i Oslo.