Departementet: – Florø-nedlegging ikkje godkjent

NEKTAR Å KOMMENTERE: Helseminister Sylvia Brustad ønskjer fredag ikkje å kommentere ei eventuell nedlegging av Florø nærsjukehus, og overlet saka til talsmenn i departementet.

NEKTAR Å KOMMENTERE: Helseminister Sylvia Brustad ønskjer fredag ikkje å kommentere ei eventuell nedlegging av Florø nærsjukehus, og overlet saka til talsmenn i departementet. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Helse- og omsorgsdepartementet avviser at styret i Helse Førde har fått godkjenning til å leggje ned ved sjukehuset i Florø.

DEL

Vi gir deg alt om korleis valet påverkar deg - BERRE 5 kr for 5 veker

Ein talsmann i departementet opplyser at det gjeldande fredingsvedtaket for Nærsjukehuset i Florø framleis står ved lag.

Les også:

Departementet understrekar at dei forheld seg til Helse Vest RHF, som er eigar av Helse Førde.

Dersom styret i Helse Førde vedtar å leggje ned sengepostar ved Nærsjukehuset i Flora, så skjer det ifølgje departementet utan noko form frå godkjenning frå deira side.

Eit eventuelt nedleggingsvedtak frå Helse Førde-styret må først behandlast av styret i Helse Vest. Dersom også dei vedtar nedlegging i Florø, vil det bli ei sak for departementet.

Talsmannen i departementet opplyser om at statsråd Sylvia Brustad ikkje kommenterer saka i dag.

Artikkeltags