Denne videoen fall Ylvis pladask for

Artikkelen er over 5 år gammel

Internasjonal merksemd for næringstoppar frå fylket som slår seg laus med «The Fox». Sjå video

DEL

Onsdag var store delar av næringsbedriftene og ordførarane i Sunnfjord samla på Åmot Operagard i Bygstad for å dele kva dei vil gjere for å utvikle Sogn og Fjordane.

Trass i store idear, mykje engasjement og "speed-dating", var det YouTube-fenomenet «The Fox» av Ylvis som fekk alle til å stå opp.

For å få i gang maskineriet etter lunsj stilte sangpedagog Jorunn Bakke Nydal og fekk dei dresskledde med på å danse til «The Fox».

Sjå video: Ristar laus til «The Fox»

Dansen til næringstoppane og ordførarane frå Sogn og Fjordane har vekt stor merksemd, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt.

Også Bård Ylvisåker i Ylvis har tydeleg sansen for seansen i Sunnfjord.

- Ha, ha - gløym Ohio, this is the shit, skriv Ylvisåker på Twitter og tilrår videoen til sine 69.106 følgjarar.

Sondre Lerche er ein av dei som har sett videoen etter tilrådinga frå Ylvisåker.

- Håper de er nøgde no, er kommentaren frå Lerche.

Før dei starta med dansen, måtte næringstoppane og ordførarane øve inn trinna og rørslene.

Her kan du sjå video av den seansen.

Artikkeltags