Denne nasa skal finne bjørn

På bjørnejakt.

På bjørnejakt. Foto:

Artikkelen er over 11 år gammel

Jakta på Sunnfjord-bjørnen er i gang.

DEL

Med fellingsløyve frå Fylkesmannen i handa, la tre menn og ein hund ut på jakt etter ferske bjørnespor i Holsen-området rundt klokka 12.30 onsdag.

Ser etter ferske spor

Onsdagens sporjakt føregår i Holsen og Nydalen.

– Vi skal sjå om vi finn ferske spor vest for Rørvikfjellet, seier Finn Olav Myhre, som koordinerer arbeidet til fellingsgruppa.

Dei tre som la ut på bjørnejakt i dag er Roar Husetuft, Olve Steinset og Bjørn H Marthinussen.

Har med seg Ylva

Med seg på jakta har dei Ylva, ein innleigd hund frå Bremanger som er spesialtrena på å leite etter bjørnespor.

Ylva er av rasen Petit basset griffon venden.

Kjent med bjørnejakt

To av personane som er med i leitinga er kjent med bjørnejakt frå før medan den tredje er kjentmann i området.

Dei siste spora etter bjørnen er fem-seks dagar gamle, og no er håpet at gruppa finn ferskare spor etter bjørnen.

Artikkeltags