Mens Aud Jorun Etterlid fortvilar over at brunsnigelen invaderer hagen hennar, og Førde kommune meiner grendelaga må gå saman for å kvitte seg med snigelproblemet, har meisterkokk Geir Skeie ei ny oppskrift.

Blåskjel?

– Eg trudde det skulle smake meir beskt, men dette går det jo fint an å ete, og smakar litt som blåskjel, seier meisterkokk Geir Skeie til Sandefjords Blad, etter å ha kokkelert med ingrediensen iberiasnigel. Andre namn er mordarsnigel og kannibalsnigel.

Men planane er lagde for dei små brune, som stod mellom å bli gratinerte på fransk vis eller marinerte og friterte med ein asiatisk vri.

Lever på gras og plantar

Skeie har ikkje tidlegare prøvd å lage mat av brunsnigel før, men oppmodar om å plukke dei små og delikate, dersom du orkar å ete dei.

- Dei er jo ikkje farlege, dei lever jo berre av gras og plantar.