Denne furua er 7500 år gammal

Artikkelen er over 6 år gammel

– Dette er eit sensasjonelt funn, og den eldste registrerte furua frå Sogn og Fjordane, seier professor Atle Nesje.

DEL

Furua er funnen ved Ommedalsstøylen i Hyen.

– Den blei funnen av Sivert Ommedal og Kåre Teigland, som er grunneigarar i området. Dei fann den i samband med vegbygging i fjor, og då Sunnfjord Geo Consulting AS var i området for å gjere skredvurderingar, kom dei til oss med den, fortel Nesje.

Han er i tillegg til å vere professor i geologi ved Universitetet i Bergen styreleiar i Sunnfjord Geo Consulting As, som held til i Stongfjorden i Askvoll.

– Som om den var felt for ei veke sidan

Nesje fortel at furustammen er heilt frisk og hard. Den har også bark.

– Det er som om den var felt for ei veke sidan. Og grunnen til at den har halde seg så godt er at den har lagt i ei myr, og har lagt der heilt utan å ha hatt lufttilførsel alle desse åra. Den er nærmast blitt hermetisert i myra, seier Nesje.

Sunnfjord Geo Consulting sende ei flis av treet til eit laboratorium i Polen, og fekk den datert. Svaret som kom derifrå stadfestar at den er gammal. Veldig gammal. Heile 7.500 år.

– Eg har telt årringar, og det ser ut som furua var 80 år gammal då den hamna i myra, seier Nesje.

Årsaka til at denne vart levert til geologane var at det i dag ikkje finnast furuskog ved Ommedalsstøylen, og at dei som fann den derfor syntest at det var rart å finne ein furustamme der.

Eldste i Sogn og Fjordane

– Det er funne gamle furustokkar andre stader i landet, men det er ikkje så vanleg på Vestlandet. På 90-talet vart det funne ei selje som kom med Briksdalsbreen ut i friluft, og den var 8400 år gammal. Men furu er meir sjeldan, i alle fall på Vestlandet, seier Nesje engasjert. Han er sjølv frå Olden, og synst funnet av "Ommedalsfurua" er veldig spennande.

– Så vidt vi veit er det den eldste daterte furua frå Sogn og Fjordane, seier Nesje.

Høgare temperaturar og lågare over havet

Geologane i Sunnfjord Geo Consulting har forklaringa på kvifor det vaks furu ved Ommedalsstøylen for 7500 år sidan.

Denne furua levde under klimaperioden "Atlanticum" (ca. 9000–6000 år før notid), og fordi landhevinga då ikkje hadde pågått så lenge, låg Ommedalsstøylen langt lågare over havet enn i dag. Den gjennomsnittlege furugrensa i sørlege Skandinavia låg ca. 140 m høgare enn i dag på det tidspunktet. På bakgrunn av dateringar andre stader samsvarer dette med øvre furugrense i sørlege Skandinavia på dette tidspunktet. Ommedalsstøylen låg ikkje 140 m o. h. for 7500 år sidan, men noko høgare, så sjølve landhevinga har ikkje vore så omfattande her.

Like etter 7500 år før notid vart klimaet noko kaldare, og dermed trakk furugrensa seg ned til ca. 120 m o. h. for ein periode (framleis korrigert for landheving), før den seinare gradvis trakk seg heilt ned til dagens nivå. Furugrensa og temperaturen fall rett etter at "Ommedalsfurua" levde, så både høgda på funn lokaliteten og sjølvsagt alderen er oppsiktsvekkjande nytt.

For å sjå litt stort på det kan ein dermed sei at "Ommedalsfurua" truleg var ei av dei siste som vaks i denne høgda, før furu forsvann frå staden (førebels) for godt, forklarar Sunnfjord Geo Consulting.

– Den gongen var gjennomsnittstemperaturen mellom ei og ei og ei halv grad høgare enn i dag. 0,6 grader utgjer 100 høgdemeter på skoggrensa, og dermed kunne furua vakse om lag 200 meter høgre til fjells då enn no, forklarar Nesje.

Formidling viktig

Sunnfjord Geo Consulting AS i Stongfjorden vil bruke resultatet av dette funnet.

– Vi vil bruke det i det generelle arbeidet med å klarleggje og formidle geologien og klimautviklinga i Sogn og Fjordane, seier dagleg leiar i firmaet, Synne Lindgren Alsaker.

Atle Nesje er samd med at formidling av slike funn er viktig, på fleire måtar.

– Dette er spennande, og kan vere med å supplere kunnskap vi har om utviklinga. I tillegg kan det få folk til å vere meir observante. At denne stokken vart registrert var kanskje litt tilfeldig, og slik er det ofte. Dersom nokon har funne, eller finn noko liknande djupt nede i myrar under gravearbeid, er det flott om dei tek kontakt, seier Nesje.

Artikkeltags