Den unge bilisten brydde seg lite om skiltet som varsla innkøyring forbode ved Firda Billag i Førde søndag kveld.

Men det skulle koste han dyrt.

Politiet hadde nemleg trafikkontroll og dei ferska den unge føraren som ikkje brydde seg om skiltet.

Bilisten fekk eit forenkla førelegg på 4200 kroner etter bomkøyringa, melder lovens lange arm.