Dei vann Barnegåva

Andreas Skålvik frå Holsen (t.v.) og Ulrik Nielsen (8) frå Førde vann konkurransen "Barnegåva". Vinnarteikningane deira blir no utgangspunktet for ein installasjon på festplassen.

Andreas Skålvik frå Holsen (t.v.) og Ulrik Nielsen (8) frå Førde vann konkurransen "Barnegåva". Vinnarteikningane deira blir no utgangspunktet for ein installasjon på festplassen. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

No blir teikningane deira ein leike-installasjon på Festplassen.

DEL

Juryen og folket har talt. Ulrik Nielsen (8) og Andreas Skålvik (11) vinn konkurransen «Barnegåva». Dei får dermed i 2013 sjå sine teikningar ta form, som ein leike-installasjon på Fest-plassen i Førde.

- Utruleg gøy og spennande! Svaret kjem kontant frå dei to teiknevinnarane på spørsmålet om kva dei tykkjer om sigeren i teiknekonkurransen.

233 teikningar vart sende inn og av dei gjekk åtte vidare til finalerunda. Publikum kåra «Klatrefjellet» til Ulrik Nielsen til ein klar vinnar med heile 35,7 prosent av stemmene. Juryen la difor Ulrik sin klatreinstallasjon til grunn for skulpturen som skal bli laga. Men dei kunne ikkje heilt sleppe taket i teikninga til Andreas Skålvik.

Imponerte

Juryen vart svært imponert av denne ideen, og dei meiner den representerer noko konkret og kjent for barn, samstundes som den inviterer til å tolke inn litt «vaksnare» tydingar.

Blyantane kan syne til skule-, medie- og kunstnarbyen Førde. Juryen har difor vedteke å fusjonere desse to teikningane; å smelte dei saman til ein knallskulptur. Både Ulrik og Andreas vert difor kåra til vinnarar av konkurransen.

- Eg vart veldig overraska, og eg hadde inga aning om at eg skulle komme til å vinne. Eg hadde aldri trudd at teikninga mi ville komme så langt, seier Andreas Skålvik (11) frå Holsen.

Ein god fusjon

Dei to gutane tykkjer det var ein god idé å sameine dei to teikningane deira til eit felles prosjekt.

- Ja, eg tykkjer det fungerer fint. Det er ikkje eit problem i det heile at juryen har kombinert teikningane. Det er berre kjekt, seier Ulrik.

Skulpturen vil truleg kunne bli avduka i 2013. Det som no skjer, er at lokale kunstnarar og handverkarar vil bli utfordra til å sameine forslaga til ein installasjon som tek føre seg essensen i begge teikningane.

Juryen i konkurransen bestod av Førde-ordførar Olve Grotle, Firda-redaktør Yngve Årdal og kultursjef Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Artikkeltags