Dei har klart det

Klokka 21. 40 i kveld var det klart. Gunnar Garfors frå Naustdal har saman med kompisane sine sett ny verdsrekord. 18 land på eitt døgn.

Klokka 21. 40 i kveld var det klart. Gunnar Garfors frå Naustdal har saman med kompisane sine sett ny verdsrekord. 18 land på eitt døgn. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Gunnar Garfors har klart det. Draumen har gått i oppfylling. Saman med to andre har han sett verdsrekord. Det blei klart då dei klokka 21.40 søndag var innom sitt 18. land på under eit døgn.

Og rekorden let seg ikkje stogge med det.

- Det er høg stemning. Dette er knallbra, no skal vi rekke Liechtenstein før tida er ute, sa Gunnar Garfors til VG i titida i kveld.

To land meir

Dei klokka nemleg inn i Liechtenstein i god tid før klokka passerte midnatt. Dermed slo dei den gjeldande verdsrekorden med to land.

– Det blei ei fantastisk reise. Vi knuste den gamle rekorden med to land, og er ekstremt nøgde, seier Gunnar Garfors i ei pressemelding.

Arrestert

Turen fekk ein uventa start for rekordfølgjet, då deira fotograf, John Bjarne Lium, var nær ved å bli arrestert av ei grensevakt då han filma starten på rekordforsøket, på grensa mellom Hellas og Bulgaria.

Utanom dette har turen stort sett gått knirkefritt for dei reisande.

– Det har gått på skinner, om ein ser vekk i frå regnvêret vi fekk i Sveits, seier naustedølen Garfors.

På eit døgn besøkte dei tre verdsrekordhaldarane Hellas, Bulgaria, Makedonia, Kosovo, Serbia, Kroatia, Bosnia, Slovenia, Østerrike, Ungarn, Slovakia, Tsjekkia, Tyskland, Nederland, Belgia, Luxenbourg, Frankrike, Sveits og Liechtenstein.

Artikkeltags