Dei er ikkje lenger best på talentutvikling

Kristian Fardal Opseth er ein av spelarane som har spelt både Tippeliga og 3. divisjon denne sesongen.

Kristian Fardal Opseth er ein av spelarane som har spelt både Tippeliga og 3. divisjon denne sesongen. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

I desse dagar er fotballfamilien i fylket samla i samband med Miljøhelga i Førde, mellom anna for å diskutere talentutvikling.

DEL

Kommentar Dette temaet har engasjert mange det siste året, og meiningane om temaet er like mange som det finst fotballtrenarar. Ein av dei norske klubbane som først var ute med klare haldningar til dette var Sogndal, då dei for snart 15 år sidan kom med mantraet: Vi skal vere best i landet på talentutvikling.

I åra etterpå vart Sogndal ein føregangsklubb på dette området, og klubben utvikla ei rad med toppspelarar. Då vart det jobba frå tidleg morgon til seine kveld, og omgrepet 24-timarsutøvaren vart gjeldande. Klubben hadde dedikerte trenarar, og resultatet kom i form av mange landslagsspelarar.

Mantraet har mist kraft

Framleis høyrer ein dette mantraet bli nemnt av sentrale Sogndal-leiarar. Men minuset er at dette ikkje lenger er like gjeldande som det var tidleg på 2000-talet. For innhaldet i talentutviklingsarbeidet er ikkje lenger unikt i Sogndal. Sidan Ørjan Hopen og Oddbjørn Skartun gjekk gjennom klubben for snart ti år sidan, er det ikkje lenger lokale spelarar som går gjennom sogndalsystemet på veg til toppklubben. I staden har klubben, anten medvite eller tilfeldig, redusert sitt eige utviklingsarbeid og i staden satsa på å vidareutvikle spelarar som dei har henta. I ein periode var klubben medviten på å hente få, og berre dei beste, lokale spelarane. Og medan desse vart prioritert med speletid på A-laget, så kan det no sjå ut til at strategien i dei siste åra har gått på å hente mange spelarar, og deretter håpe at nokre av desse vil slå gjennom.

Det er lett å slå seg på brystet med at ein har lukkast med til dømes Bjørn Inge Utvik, når klubben har minst eit dusin spelarar dei ikkje har lukkast med. Det mest urovekkande med denne nye filosofien er at Sogndal lett kan slå beina under dei beste rekrutteringsklubbane i fylket. For hentar Sogndal for mange i for ung alder, så vil motivasjonen for denne jobben i breiddeklubbane i fylket kunne forsvinne. Vi har sett nok av døme på spelarar som blir henta frå til dømes 2. divisjonsklubbar som får eit kamptilbod i divisjonen under når dei hamnar i Sogndal.

Spelaravvikling heller enn spelarutvikling

For i Sogndal sin lengt etter nok ein gang å få etablert ein fylkesprofil, så handlar det om å skunde seg langsamt. Difor vert underteikna uroa når eg høyrer at Eirik Bakke vurderer å kunne hente innpå ti spelarar frå klubbar som Førde, Florø, Stryn og Årdal til 2015-sesongen. For verken trening- eller kamptilbodet dei vil få i Sogndal vil kunne vere utviklande for desse spelarane. I staden for spelarutvikling står Sogndal i fare for å drive spelaravvikling.

Ikkje minst handlar det om å hente spelarar i rett alder. For det er fleire døme på at det er uheldig å gå til ein storklubb i ung alder. For spelarutvikling handlar om å ta stegvis utvikling. Sakte, men sikkert. Og utvikling skjer best i trygge omgjevnadar.

Usynleg rundt i fylket

Så i staden for at unge, talentfulle spelarar skal til Sogndal for å utvikle seg, forventar eg at fylkesflaggskipet heller skal ta ansvar for kompetanseutvikling i fylkesklubbane. Dei siste tre-fire åra har Sogndal vore så godt som usynleg rundt i fylket, med unnatak av Rasmus Mo sine stunt. Unge spelarar som veks opp i til dømes Hyen, Solheimsdalen eller Rake går ikkje med Psyché, Patronen, Sarr eller Teniste på ryggen. For dei veit knapt nok at Sogndal har lokale spelarar på laget. Så kan sjølvsagt Sogndal-leiarar seie at dette er ikkje noko dei kan gjere noko med.

Men sjølvsagt kan dei det. Eg er så gammal at eg har opplevd Brann ha stand i til dømes både Førde og Florø med Tippeligaspelarar som signerer drakter og slikt. Og eg spør meg stadig oftare: Kor er Sogndal? Klubben er meir og meir avhengig av dei områda i fylket kor det bur mest folk, og må snarast ta ansvar. Og då handlar det ikkje om å ta ein tur gjennom tunnelane når dei skal hente gode spelarar. Arranger Sogndal-kveldar i Førde, Sandane, Stryn, Florø og Eid, ikkje minst med dei fleire tusen unge spelarane som er i desse klubbane. Gå i kompaniskap med dei klubbane som heilt fram til dei siste åra har lagt grunnlaget for Sogndal sin suksess, og tilfør om nødvendig kompetanse til desse miljøa. For viss ikkje Sogndal ser at dette arbeidet er sjølve kjernen i sin eigen suksess, så er det Sogndal som har eit stort problem.

For slik situasjonen er i fylket i dag, så er det snart berre Davy Wathne og nokre andre fotballekspertar som framleis meiner at Sogndal er gode på talentutvikling. Og ein usann påstand vert ikkje sann fordi om det vert sagt på riksdekkande TV.

Artikkeltags