– De ser ut som de har sprunge 800-meter. Det er bra

TEKSTTEKNIKK: Martine Håland (f.v.), Tatiana Palanca og Lene Kristin Berge i djup konsentrasjon. Foto: Marie Havnen

TEKSTTEKNIKK: Martine Håland (f.v.), Tatiana Palanca og Lene Kristin Berge i djup konsentrasjon. Foto: Marie Havnen Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Det seier artist Frida Ånnevik til deltakarane på låtskrivarkurset ho heldt på Blest i helga. Dei ti spirande låtskrivarane som sit rundt henne har hatt kreativiteten i heilspenn i seks timar. Ånnevik instruerer og resten skriv flitting.

– No har de tre minutt på dykk. Skriv ned ord de assosierer med «sjakkbrett» i skjemaet... Det er 13 sekund igjen, ikkje tenk, berre skriv, skriv, skriv, oppfordrar Ånnevik.

Å starte frå null

Målet er å øve på å skrive låtar ut frå ingenting.

– Det handlar om å begynne ein plass, ut frå ingenting. Det er jo det vi gjer mest av, forklarer Ånnevik som fekk Tekstforfattarfondet sin debutantpris i 2010 og som stakk av med ein Spellemannspris i klassen tekstforfattar for albumet Ville ord i 2013, samt var nominert i klassen for viser.

Tekstøvinga skal vere eit utgangspunkt for å skrive ting ut.

– Språket er fullstendig grenselaust, seier Ånnevik til deltakarane.

På fremste rekke sit mellom andre Lene Kristin Berge (27) frå Florø. Ho gav eigentleg opp musikken i 2009, men begynte å spele igjen i vår, fortel ho.

– Kurset har lært meg at eg kan ta i bruk enkle studieteknikkar når eg skriv tekstar. Mykje er det same som eg brukar som lærar på barneskulen, men som eg aldri har tenkt på at eg kan bruke i eige arbeid, seier Berge.

Akkurat slik meiner også Ånnevik at kurset kan fungere.

– Før vi starta sa eg frå at eg kjem til å seie ting de veit, men som de gjerne ikkje er bevisste på.

Meir kontroll

Før skreiv Berge alltid på engelsk. No har ho lagt om til å skriv på dialekt, inspirert av Jakob Sande.

– Eg fekk ei aha-oppleving av kor lyrisk nynorsk er. Å skrive på dialekt og nynorsk er utfordrande.

Ofte kjem songtekstane av seg sjølv.

– Teknikkane vi har lært no gjer at eg kan få meir kontroll over teksten og at eg kan finkjemme den på eit tidlegare stadium, meiner Berge.

«Død, mjød»

Låtskrivarane får to minutt. Dei skal rime. Ånnevik seier ho vil sjå dei rødme. Dei skriv og etterpå er det gjennomgang i plenum. «Død, mjød» og «winter, enter».

– Det har vore spanande å få nye innspel og å lære nye teknikkar. Eg har skjønt at eg burde lese meir for å utvide ordforrådet mitt. Og at eg ikkje burde binde meg til ein stil, seier Mikaël Birger Roussel (23) frå Bergen.

Han og bror Lucas Jeff Roussel (21) utgjer Nations of the soul som spelte på festivalen laurdag kveld, men først nytta dei to høvet til å lære meir om låtskriving.

Til slutt skal kursdeltakarane øve på å skrive seksordsnoveller. «For sale. Baby shoes. Never worn.» skreiv Ernest Hemingway.

– Du kan skrive ein heil sang ut frå ei slik novelle, seier Ånnevik.

Kurset er over og ti, truleg inspirerte, musikarar går ut døra.

–Du må vite kva som inspirerer deg, kva som må til for å få deg i flyten, avsluttar Ånnevik til sist.

Artikkeltags