Gå til sidens hovedinnhold

- De har ikkje peiling på kva de snakkar om

Artikkelen er over 11 år gammel

Nordfjord sjukehus- aksjonist med klar tale til sunnfjordingane

Både Svein Hansen i Sjukehusaksjonen for Nordfjord sjukehus og Magna Kvalheim, fekk seie sitt til statsråd Anne- Grete Strøm – Erichsen og dei andre i salen då aksjonsgruppene stod på talarstolen fredag for å seie kva dei meiner om sjukehusmodellen som blei presentert.

Mange glade... men ikkje i Nordfjord

Frå Nordfjord var tala klar:

-Eg har registrert at det er mange, mange glade menneske her i dag som likar det som Helse Førde legg fram i dag, men vi i Nordfjord er ikkje glade, sa Magna Kvalheim.

-Det er mykje snakk om endringane i transporttilbodet den siste tida, men vêret er det ingen som snakkar om. Og det er også det einaste vi ikkje kan gjere noko med. Men du, gode statsråd, veit ein del om vêret her på Vestlandet. I dag brukte vi ein time lenger enn normalt for å komme oss frå Vågsøy til Førde, sa Kvalheim.

Blir sint av å snakke om Førde

Ho viste til at det er fint og flott med Sea King –helikopter, men at dei er til inga nytte når vêret er dårleg.

-Og all ære til ambulansesjåførane, men dei kan ikkje køyre raskare enn vegen ber, sa Kvalheim og la til:

-Eg skal la vere å snakke om utbygginga i Førde, då blir eg truleg sint. Eg trur dei som bur midt oppi sentralsjukehuset ikkje har peiling på kva dei snakkar om når de snakkar om nærleik til helsetenester. Eg håper de vil lytte til oss som bur ute i distriktet, og ikkje berre dei som sit midt oppi sentralsjukehuset, sa Kvalheim.

Treng tryggleiken

Svein Hansen, som står i spissen for aksjonen, understreka også kor viktig nærleiken til sjukehusa er for nordfjordingane.

– Det er på dårleg føre vi treng denne tryggleiken. Og når vi også veit at sjukehusa har godt fagpersonale, då ser vi endå meir at dette er noko å kjempe for, sa Hansen til ministeren.