Gå til sidens hovedinnhold

- De er skadedyr

Artikkelen er over 11 år gammel

Styremedlemmer i Helse Førde vart møtt med harde skyts under folkemøtet om lokalsjukehusa på Nordfjordeid tysdag kveld.

- Styret i Helse Førde må innsjå at dei politiske signala er at her skal det ikkje leggjast ned noko som hels. Skjønar de ikkje at de er blitt ein propp i systemet?

Slik formulerte fylkesleiar i Raudt i Sogn og Fjordane, Geir Oldeide, si misnøye med styret i Helse Førde under folkemøtet om lokalsjukehuset på Nordfjordeid i går.

Møtet var lagt til det nye operahuset på Nordfjordeid, og her vart det opera i litt andre toneleie enn vanleg. Det var dyster moll då dei tre styremedlemmene skulle stå til rette for kuttutgreiingar folk i Nordfjord fryktar vil rasere deira lokalsjukehus.

-Ikkje i pakt med folkeviljen

– De tenkjer de har fått pengepakken, og då er de ikkje lenger i pakt med folkeviljen. De sit ikkje i styret for ei bedrift som produserer møblar. De forvaltar tryggleik og helse til folk, og då må de stå opp og seie frå at pengepakken ikkje er stor nok. De må flagge at den måten å styre helse-Norge på er feil. Det er ikkje illojalt å ta ansvar, sa Oldeide.

Og Raudt-politikaren frå Vågsøy var langt frå åleine i sin fordømmande karakteristikk av leiinga i Helse Førde:

- Skadedyr

– De er skadedyr som har brukt ostehøvelen i lang tid. No handlar det om undergravingstaktikk der ein kan snakke om stokkmaur og husbukk. De har teke eit tak for å svekkje grunnlaget for lokalsjukehusa, og fell akuttaktiviteten er det mykje som talar for at andre funksjonar blir lett å ta fatt i, sa kommune overlege i Vågsøy, Trond Inselseth, i sin karakteristikk av styret i Helse Førde.

Han meiner at Førde sentralsjukehus aldri kan bli eit lokalsjukehus for Nordfjord. Då må nordfjordingane søkje mot Volda, sjølv om Helse Midt ikkje vil akseptere ei slik grensekryssing.

– Det finst ingen stortingspolitikar som vil unngå å gripe inn det openberre idiotiet ved å stengje grense for helsehjelp. Det er berre å gjere grep som gjer at pengestraumen følgjer pasienten. I så fall blir Helse Førde til Helse Sunnfjord, og her ligg kanskje det største håpet for Nordfjord, sa Inselseth.

Han skisserte tre mogelege vegar inn i framtida, og etterlet lite rom for tvil om at det einaste rette er å satse på robuste lokalsjukehus.

Tre styremedlemmer i Helse Førde sat i panelet. To av dei var representantane for dei tilsette, Rune Larsen og Randi E. Fagereng, den tredje var veteranen Anny Felde.

Felde forsvarte vedtaket i styret om å greie ut konsekvensane av å leggje ned ei av dei tre akuttavdelingane i fylket

- Manglar 100 millionar

– Vi manglar 100 millionar kroner, og då lyt ein tole at vi må gjere ting som vil smerte. Men vi har fått marsjordre frå både Stortinget, Helse Vest og den nye helseministeren. Og seinast i dag kom det melding frå riksrevisjonen, og alle signaliserer at vi må klare oss med den pengesekken vi har. Korleis vi skal gjere det på beste måten lyt vi prøve å finne ut av når utgreiingsarbeidet ligg føre, sa Felde.

Ho avviste at løpet alt er bestemt, og opplyste at styret også hadde bestemt at administrasjonen ikkje skulle vere til stades på møtet på Nordfjordeid. Dei er i gang med utgreiinga, og Felde understreka med tyngd at ho som styremedlem ikkje veit kvad ei greier ut.

Ordførarane fårværande

Møtet tysdag kveld vart arrangert av sjukehusaksjonen for Nordfjord sjukehus. Både lokalpolitikarar, stortingspolitikarar og fylkespolitikar var invitert til møtet. Frå fylkeskommunen stilte fylkesordførar Nils R. Sandal. Ingen av stortingsrepresentantane frå fylket møtte. Også svært mange av ordførarane i Nordfjord glimra med sitt fråvær. Berre ordførar i Eid og leiar i Nordfjordrådet, Sonja Edvardsen, var på plass då leiar for aksjonsgruppa, Svein Hansen ønskte dei vel 200 menneska som var på plass i Eids nye storstove velkomne.