Dei tilsette på sjukehuset i Eid er uroa over kva tilbod skulderpasientar vil få når dei fram til nyttår blir operert på sentralsjukehuset og ikkje i Eid. Ein ortoped ved sjukehuset i Nordjord skal nemleg ut i permisjon.

Uroa for infeksjonsfaren

– Dei tilsette er bekymra for tilbodet til desse pasientane fordi dei vil verte operert med tradisjonelle metodar ved sentralsjukehuset og ikkje kikholsteknikk slik ortoped ved Nordfjord sjukehus nyttar, skriv Randi Fagereng, føretakstillitsvald i Norsk sjukepleiarforbund i eit brev til Helsetilsynet.

Vidare skriv ho:

– Dei tilsette er bekymra for infeksjonsfaren/hygiene når Helse Førde har teke avgjerd om å leggje ortopedisk pasientar på same avdeling/post som medisinske pasientar.

Uroa over barneavdelinga

Ho viser også til at dei tilsette ved barneavdelinga har vore i kontakt med tillitsvald og orientert om at dei var uroa over tilbodet ved barneavdelinga i sommarferien.

– Det var vakter der det berre var ein kjend sjukepleiar og fleire vikarar som ikkje var kjende og som ikkje var trygge på utstyret. Dei hadde ifølgje denne sjukepleiaren fått god nok opplæring. Det skal ikkje ha skjedd uhell/avvik som følgje av dette.

Svaret: - Gå tenestevegen med bekymringane

Fylkessjukepleiar Anne Eli Wangen skriv i svaret sitt at ho rådar Fagereng til å gå tenestevegen med bekymringane og tilbakemeldingane frå dei tilsette.

– Ho bør syte for at problemstillingane ho tek opp vert dokumentert. Når det gjeld hygiene/infeksjonsfare kan det også vere lurt å ha vitskapelege dokumentasjon/erfaringar frå andre sjukehus å syne til dersom slikt finst, skriv Wangen.