Dagen vi slo av internett

Vi kan skape ei verd der ute. Ei herleg, sosial, luktande, smakande, internett-fri verd. Men vi må avtale det.

Vi kan skape ei verd der ute. Ei herleg, sosial, luktande, smakande, internett-fri verd. Men vi må avtale det. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

- Tenk om vi kunne slå av internett ein heil dag, og gjere noko saman? Ungane ville hugsa det resten av livet, skriv journalist Ole Johannes Øvretveit i denne kommentaren.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Kommentar Slo du av lyset i palmehelga? Under Earth Hour? Då skulle alle menneska i verda slå av lyset i ein time for å redde jorda.

Eg veit noko anna som skulle vore slått av, og det var ikkje for å redde jorda, men for å redde menneska som bur der: Tenk om vi kunne slått av internett ei heil helg.

Gifta har snike seg inn i heimen min, den snikande gifta som stansar all samtale, som utryddar leik og moro, som gjer at folk sluttar å leve sine eigne liv, og går over til å sjå på andre sine.

Denne gifta har faktisk snike seg heilt inn i godstolen min. I nøyaktig den same stolen som eg for ti år sidan sat og leste «Ringenes herre» for ungane, sit eg no og blar på mobilen min. På facebook kan eg lese at Barbro Striksalot har funne fram strikkevettreglane, og at nokon ynskjer meg ei reint ut idyllisk god natt. I stolen rett imot sit kona mi og ser ein krim på pc’en.

Ingen ting blir sagt. Dotter mi på 20, som kom heim frå Trondheim i dag, sit og gjer noko på mobilen sin, ho og. Av og til sender vi kvarandre bilder på snapchat. Så slepp vi sjå opp. Ho er heime for første gang på ti veker, og vi sit og surfar på internett, i vår treeinige einsemd. Hadde eg vore ei fluge på veggen, ville eg sikkert tenkt at det der var litt trist.

Internett sneik seg inn i liva våre, utan at vi var førebudd på det. Vi sto forsvarslause mot den flaum av goder det tok med seg, og dermed var vi ikkje obs på at det kan faktisk bli for mykje av det gode. Vi har ikkje sjølv kjent einsemda ved å være barn og prøve å få kontakt med ein forelder som sit som hypnotisert framfor ein skjerm, og tenkt at «slik skal i alle fall aldri eg oppføre meg overfor ungane mine».

Vi har ikkje prøvd sjølv å være ungar, og opplevd kor vanskeleg det er å legge seg til å sove, når chaten på facebook glødar av kameratar som alle har si meining om det som hende på skulen i ettermiddag. Eller når det plingar ei melding frå ein pc eller ein mobil, og det faktisk kan hende at det er frå den du er forelska i. Så det visste vi ikkje, når vi la opp trådlaust nett så det skulle rekke inn på soveromma deira.

Eg køyrde lett motorsykkel sjølv, og det lærte meg at ein slik skal borna mine aldri sitje på, om eg så skal måtte truge med å kaste dei ut av huset.

Men eg erfarte aldri at pc og mobil kan ein faktisk ikkje ha på eit soverom. Og at fri tilgang til internett kan utrydde all anna aktivitet.

Vi har enno ikkje skjønt at internett (og med det meiner eg dataspel, sosiale medier og i grunnen all skjermbasert underhaldning) må ein forhalde seg til som om det var narkotika. Verdens beste hjernar (om ein skal tru at lønsnivå bestemmer kva folk vil jobbe med) sit og jobbar med dette, og dei har eitt einaste mål for auge: Å gjere deg avhengig av akkurat det tilbodet dei utviklar. Og dei er flinke til det.

Har du nokon gong lese ei bok som var så spanande, at du låg i senga di og tenkte: «berre dette kapittelet, så skal eg legge meg». Og så les du det kapittelet, og så les du eitt til, og til slutt ligg du til klokka fem om morgonen og les ut boka, sjølv om du veit at du øydelegg neste dag, fordi du skal på jobb klokka åtte?

Eit online dataspel er akkurat slik. Berre at det les du ikkje ut på ei natt. Du les det ikkje ut på eit år heller. Du blir ikkje ferdig med det, før venene dine er flytta vekk, til Bergen og Trondheim og studier og NTNU, mens du går rundt og sturar i heimbygda di og skal «ta opp att fag».

Så etter nyttår gjekk eg hardt på dotter mi på 13 og innførte eit nazi-regime: Ein time internett for dag.

- Å kjede seg er eit anna ord for «å få sin kreativitet utfordra», sa eg. Ho tok det positivt, fann fram bøker å lese og den gamle «lage perlekjede-kommoden» sin. Spelte gitar og piano og heldt på.

- Du skal ikkje finne på noko ute, då? Saman med nokon andre? Lage snøborg eller snølykter eller noko slikt? spurte eg.

- Pappa, det nyttar jo ikkje det! Det er ikkje andre som har lyst til det! Dei sit på internett, dei! Det er berre eg, det, som ikkje får lov til det!

Og slik er det. Skal dette nytte, må det skje i organiserte former.

Tenk om vi kunne innføre ein Human Day, der alt internett var avslått. Der vi måtte kreke oss ut av dørene og myse mot drivkvite dagslyset, og oppdage at det fanst andre der og? Tenk om vi kunne gå forbi vinduet og høyre på ropa at ein gjeng var i gang med å spele slåball på skuleplassen, kaste oss i joggeskoa, trive yndlingsballtreet vårt og springe bort der?

Tenk om vi alle saman kunne bestemme oss for at slik skulle det bli, ein lørdag i mai, så skulle vi vise ungane våre kor kjekt det går an å ha det, berre ein orkar pittelitt meir enn å trykke på «on».

Vaksne skulle organisere seg og arrangere store cowboy- og indianarkrigar, vi kunne hatt eigne avdelingar for slåball og kaste på stikka og paradis og strikkhopp. Fins det jenter lenger som kan hoppe strikk med strikken i hovudhøgde?

Kanskje nokon rett og slett kunne oppdage gleda ved å plukke ein diger bukett med løvetannblomar og engkarse og lage kransar til å ha på hovudet?

Og dei som ikkje hadde lyst ut, kunne finne fram kokebøker og bake kaker og lage bakte poteter og invitere dei andre på middag etterpå. Og så kunne vi spele yatzy eller boms og president.

Når eg tenker meg om, trengs det eigentleg ikkje at heile verda gjer det. Ikkje at ein heil skule gjer det heller. Ikkje ein heil klasse heller. Ein hadde komt veldig langt om berre to-tre familiar vart einige om å gjere det. Om så berre ein einaste dag. Eg trur det hadde blitt noko ungane ville hugsa resten av livet. Den dagen vi slo av internett.

Av og til sender vi kvarandre bilder på snapchat. Så slepp vi sjå opp.

Artikkeltags