- Eg tykkjer statuen er flott, og trur den vil vere viktig for Byrkjelo. Med hovudåra E39 rennande kloss forbi Kleppeparken, reknar eg med at mange vil stoppe for å ta ein kik på kunstverka, vonar ordførar Anders Ryssdal i Gloppen kommune. Han kunne skode utover eit folkerikt parkanlegg då han deltok i avdukinga av Columbusstatua i stål og stein.

Statuemakar Stig Eikaas er òg strålande nøgd med sitt nyavduka verk.

- Det er rett og slett ei bra statue, det kan alle sjå. Og det er flott å ha eit utstillingsvindauga for verka mine rett ved ein så sentral veg, ivrar han.