Cirkus Zorba leverte varene

Klovnen Gena fengsla både unge og gamle med sine tallause påfunn og krumspring.

Klovnen Gena fengsla både unge og gamle med sine tallause påfunn og krumspring. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Trampeklapp og ståande applaus då Cirkus Zorba fredag vitja Atløy

DEL

Øyfolket stilte talrike opp då Cirkus Zorba fredag kveld baud på akrobatar, klovneri, jonglering, balansekunst, ei ekte cirkusprinsesse med meir.

Valuta for pengane

At både unge og vaksne fekk valuta for pengane kom godt til syne då artistane fleire gangar under førestillinga fekk spontan applaus frå publikum.

Tema for årets førestilling er basert på livet til grunnleggjaren av Cirkus Zorba - Thor Gujord - som i ein alder av berre 17 år rømte heimefrå og begynte på sirkus.

Førestillinga er ein moderne, retrospektiv vri på korleis sirkus var før i tida, og vi føl senior Gujord frå ungdommen og fram til i dag.

Særs dugande artistar frå Ungarn, Polen, Moldova, Russland, Latvia, Romania, Tsjekkia, Italia og Noreg gav publikum et uforgløymeleg oppleving; morosam, spenstig, akrobatisk, spennande, rørande, humoristisk.

Halsbrekkande akrobatikk

Halsbrekkande akrobatikk og nervepirrande balansekunster høgt oppe under sirkusteltet, klovneri og dresserte dyr av fleire slag - og ikkje minst ein tett kontakt med publikum - resulterer i ei på alle vis svært godt gjennomført førestilling.

Intimt, magisk og sosialt

Cirkus Zorba er litt annleis sirkus med ei svært intim -og periodevis magisk - stemning under førestillinga.

Sirkuset kjem til Naustdal i kveld og til Førde søndag. Det er ingen grunn til å nøle; ta med ungar og besteforeldre, tanter og onklar, svigerforeldre, famile, anna slekt og naboar!

Cirkus Zorba byr på garantert ekte sirkusopplevingar, og den intime stemninga gjer førestillinga til ei svært hyggeleg og sosial oppleving.

Førestillinga er verdt billettprisen og vêl så det!

Artikkeltags