Bygger 40 hotellrom

på øya: Nordaust på Lutelandet tenker Tor Gjertsen i Lutelandet Offshore å bygge eit bygg med 20 til 40 hotellrom.  arkivfoto

på øya: Nordaust på Lutelandet tenker Tor Gjertsen i Lutelandet Offshore å bygge eit bygg med 20 til 40 hotellrom. arkivfoto Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Dag Jøran Hjelmeland skal forsyne Lutelandet med kontorlokale og bustader.

DEL

Han har saman med Lutelandet Offshore starta selskapet Kobo AS, som skal forsyne Lutelandet med kontorlokale og bustader.

Hjelmeland eig 50 prosent av det nye selskapet gjennom selskapet Hjelmeland invest, og Lutelandet Offshore eig resten. Hjelmeland er dagleg leiar, og Tor Gjertsen i Lutelandet offshore styreleiar i det nye selskapet.

– Det som skjer er at vi fekk full respons på reportasjen de hadde i Firda om oss, fortel Tor Gjertsen. I ein artikkel i Frida tidlegare i haust gjekk han ut i Firda og søkte etter samarbeidspartnarar på hotelltenester til Lutelandet.

Han har i lengre tid diskutert eit samarbeid med Dag Jøran Hjelmeland.

– Grunnen til at vi ikkje har gått ut med dette før no, er at vi enno arbeider litt med planane for kor mykje kontor- og overnattingskapasitet vi skal bygge, seier Tor Gjertsen.

– Det vi i alle fall veit, er at Leif Steinar Hatløy vil bygge om bygget der vi i dag leiger kontor frå å vere eit lakseslakteri til eit kontorbygg, meir eller mindre.

"Vi fekk full respons på reportasjen de hadde om oss i Firda

Tor Gjertsen, Lutelandet offshore

Parallelt jobbar dei med å utvikle bustadområdet på sjølve industriområdet, nordaust på Lutelandet:

– Der vil vi sette opp ei brakkeløysing med 20 til 40 hotellrom, eller lugarar, som eg som gammal sjømann likar å kalle det, seier Gjertsen.

Lokal matleverandør

På «hotellet» skal det og serverast mat:

– Ja, vi har ein førebels avtale med Kystvilt om levering av mat, og dessutan har vi og fått ein del frå Matglede på Bakkebø gard.

-Kva vil mellombels seie? Kor lenge varer avtalen?

– Den er ikkje tidfesta. No skal vi «kjenne litt på kvarandre» ein periode, og så får vi sjå, seier Gjertsen, som framleis manglar ei lita brikke i puslespelet som må ligge ferdig innan første mai, når den første plattforma – og dei som skal plukke den sund – kjem til Lutelandet:

– Vi treng enno å komme i kontakt med ein leverandør som driv med reinhald i Fjaler, eller aller helst i Ytre Fjaler. Lokale krefter.

Artikkeltags