Bygdeutviklingspris til driftig Værlandet-kvinne

Artikkelen er over 17 år gammel

Magni Blom Landøy frå Værlandet har fått Bygdeutviklingsprisen for år 2000. Ho får prisen for etableringa og utviklinga av Værlandet Garnmontering & Fiskeredskap DA.

DEL
Verksemda gir sysselsetting til fire personar og blir drive med positivt økonomisk resulat.
Prisen, som er på 25 000 kroner, vart overrekt av fylkesordførar Nils R. Sandal ved opninga av fylkestingseta onsdag.

Leiaren i juryen, Rasmus Felde, sa i samband med overrekkinga at Magni Blom Landøy viste ungdommeleg pågangsmot og grundig planlegging då ho med etablerarstipend frå BU starta med garnmontering og andre servicefunksjonar i ei ominnreidd sjøbu.

Seinare reiste ho eit eige maritimt servicebygg i Værøyhamn.

- Juryen har stor respekt for måten verksemda er utvikla på. Magni Blom Landøy står som eit døme for både kvinner og menn som i ung alder vil og kan nytte eigne evner til å skape sine eigne arbeidsplassar og lønsame verksemder i lokalsamfunnet, sa Felde.

Artikkeltags