Bulldosar eller stålstut?

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Trusetrøye, motemolo og bukbøy – er dette tullespråk? Slett ikkje, ifølgje Språkrådet.

DEL

– I norsk er det fritt fram å lage nye ord, forklarar Jan Hoel, seniorrådgjevar i Språkrådet.

Han arbeider blant anna med å registrere nye ord og omgrep i norsk.

– Det er ingen ting som er ulovleg å skrive og det er viktig at nye ord kjem til. Det vi i Språkrådet ynskjer, er at utanlandske ord enten får norske avløysarord eller blir skrive på ein norsk måte, seier han.

Norskeksamen
Å skrive motemolo i staden for catwalk er difor heilt lovleg i formelle samanhengar, til dømes på norskeksamen, forklarar Hoel.

– Vel å merke må ordet blir forstått ut ifrå samanhengen. Men det er fullgod norsk.

Språkmannen gir eit eksempel: ordet «greenkeeper».

– Ingen ordbøker inneheld «heile» språket. «Greenkeeper» er teken frå engelsk, og viss ikkje det blir erstatta i daglegtale av eit meir norsk ord vil dette hamne i ordboka etter kvart. Her foreslår vi golfgartnar, eit ord som førebels heller ikkje finst i ordboka.

Kva ord som vinn fram, vil berre framtida vise.

– At vi tek inn nye ord etter som nye dingsar og fenomen kjem til, er éin av grunnreglane i språket, forklarar Hoel.

Forslag i søpla
Men mange avløysarord får aldri gjennomslag, fortel Hoel.

– Det som skjer når eit nytt fenomen dukkar opp, er at det følgjer med eit namn på det. Sidan svært mange fenomen eller dingsar no kjem frå USA, følgjer det med amerikanske namn, noko som ofte blir ståande.

Cd, harddisk og stand-up er døme på ord vi har adoptert.

– Men vi har også eksempel der norske ord har teke over, slik som e-post (e-mail), minnepinne (memory stick) og klimaanlegg (aircondition).

Ofte er det derimot ei fornorsking av skrivemåten som blir resultatet.

– Ta for eksempel «clutsj». Her har vi foreslått koplingspedal, men ordet er blant anna for langt til at det kan slå an. Det engelske «clutsj» fungerer dessutan mykje betre biletleg – noko grip rundt som ei klo. Resultatet er at vi har fornorska skrivemåten til kløtsj.

Vegen til ordboka
– Det er ikkje nokon bestemt som fastslår kva som blir dei nye orda, aller minst oss i Språkrådet. Det som oftast skjer, er at gode ord spreier seg av seg sjølv, seier Jan Hoel.

Han oppmodar alle til å vere kreative.

– Det er berre å lage nye ord. Om ti år er ordet ditt kanskje blitt det vanlege ordet og finst også i ordboka. (©NPK)

Artikkeltags