Gå til sidens hovedinnhold

Brustad set foten ned for kutt i Florø

Artikkelen er over 13 år gammel

Helseminister Sylvia Brustad vil ha ei utgreiing av dei planlagde kutta på nærsjukehuset i Florø, noko som fører til mellombels stopp i avviklinga av sengeposten. Dette kan råke rusposten på Nordfjordeid, skriv Firda i dag.

Etter planen ville ei avvikling av sengepostane i Florø gi Helse Førde ein sparegevinst på sju millionar. Men etter at brevet frå Helse- og omsorgsdepartementet nyleg kom på bordet til Helse Vest, endrar planane seg drastisk.



Ventar med Florø


For medan helseføretaket no må vente på ei avklaring frå ministeren om dei får lov å kutte i Florø, må dei i mellomtida finne andre måtar å demme opp for sju av dei 80 millionane som dei manglar i kassa.

Jon Bolstad, adm.dir. i Helse Førde, seier til Firda at han ikkje er overraska over utspelet, for ministeren har tidlegare gitt signal om at ho vil følgje saka om nærsjukehuset. Konsekvensen blir no at Helse Førde må endre budsjettplanane sine, noko som kjem til å ta lenger tid enn først planlagt.

-Sidan planane om å kutte i Florø ligg inne i neste års budsjett, er vi nøydd til å finna andre løysningar for korleis vi skal spare dei sju millionane det er snakk om, seier Bolstad.


Legg rusposten på is


Først på lista står rusposten ved Nordfjord psykiatrisenter der planane no blir lagt på is. Bolstad vil ikkje spekulere i kva som skjer om dei ikkje får lov til å kutte i Florø.

-Eg vil ikkje spekulerer i kvar og kor tid vi må gå inn og eventuelt kutte, men det er klart at alle nye prosjekt og andre postar kjem til å bli sett på, seier Bolstad.

Ifølgje direktøren vil Helse Førde uansett halde seg til den avgjerda som kjem frå departementet.