– Allereie no er det langt fleire brunsniglar enn det var i fjor. Det er fortvilande å tenkje på korleis det kan bli seinare i år, seier Solveig Stranden, som bur ved Angedalsvegen i Førde.

Fleire og fleire

Stranden seier ho såg den første brunsnigelen i 2003.

– Sidan har talet på dei auka år for år. Brunsniglane har blitt eit stort problem i hagane her ved Angedalsvegen og i Grovene. Folk fortel at dei også breier seg oppover i Vieåsen, seier ho, og oppmodar alle som får brunsniglar i hagen om å plukke og fjerne alle dei finn.

Mild vinter

Stranden trur den milde vinteren har gitt brunsniglane ekstra gode livsvilkår i Førde.

– Men finst det ikkje middel som verkar?

– Eg har prøvd ulike stoff, mellom anna i beda, men det monnar ikkje. Såkalla «ølfeller», fungerer heller ikkje, for i vårt klima regnar ølet vekk. Det same skjer i sniglefeller med salt. Det blir å plukke og plukke. Men held snigelmengda fram med å auke på denne måten, blir det kjempegale neste år, seier Solveig Stranden.