Brukar millionar på naudhjelp

Dyrebeskyttelsen Norge seier dei er leie av feilinformasjonen om at kattar klarer seg åleine.

Dyrebeskyttelsen Norge seier dei er leie av feilinformasjonen om at kattar klarer seg åleine. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

- Ein myte at dei klarer seg sjølve.

DEL

Dyrebeskyttelsen Norge møter stadig myten om at katten er eit sjølvstendig dyr som skal klare seg sjølv.

No uttrykkjer Dyrebeskyttelsen at dei har sett seg leie på denne feilinformasjonen.

- Det er ingen tvil om at katten ikkje klarer seg sjølv. Kvart år treng fleire tusen dyr vår hjelp, og dei fleste av dei er kattar. Sjukdom og skader er absolutt representert hos desse dyra, og det er då snakk om sjukdom og skade dei har pådrege seg fordi dei har vore heimlause og sett ut for å klare seg sjølv, seier pressekontakt Sier Linn Krogstad i Dyrebeskyttelsen Norge i ei pressemelding.

Ho fortel at dei kvart år brukar store summar på naudhjelp til dyr, og at dei totale utgiftene på heimlause dyr i 2012 var 9,7 millionar kroner.

- I 2012 vart heile 5,6 millionar kroner brukt berre på veterinærutgifter på dyra som vart tekne inn, seier Krogstad.

Artikkeltags