Nydal støttar heilhjarta ideen til rådgjevar Steinar Eide som i Firda i går lanserte framlegget om eit småkraftverk-senter på det fråflytta skipsverftet på Øyrane.

- Eg vil løfte dette forslaget opp på eit politiske nivå, seier Nydal.

-Kommunen har pengar

- Førde kommune har økonomisk handlefridom, med 60 millionar kroner på fond frå sal av aksjar i Sunnfjord Energi. Nokre av desse kraftkronene bør brukast til å skape arbeidsplassar, optimisme og rein energi, seier Nydal, og presiserer at han ikkje har klarert utspelet med kommunestyregruppa si i Senterpartiet.

Treng kvalitetsturbinar

Nydal er sjølv i gang med å byggje småkraftverk i Nydalen i Holsen. Han går vidare på ideen frå Steinar Eide:

- Eide har heilt rett når han seier at Norge manglar kapasitet på turbinsida. I dag har vi berre to produsentar - Fadum Tekniske i Drammen og Hydro Energi i Gjøvik. Desse held god kvalitet, men dei klarer berre å produsere 15-20 turbinar året. Behovet er truleg 50-100. Ein del av dei utanlandske turbinane er av simpel kvalitet og kan føre til driftshavari, seier Nydal.

Energi-klynge på Øyrane

Han ser for seg ei energi-klynge på Øyrane, der Sunnfjord Energi allereie er sentralt plassert.

-I tillegg til teknisk produksjon, gjerne i samarbeid med dei nemnde turbinfabrikkane, kan ei slik energi-klynge innehalde miljø for rådgjeving. Det er også mogleg å skipe eit holdingselskap, eigd av kraftprodusentar, som omset straumen. Med ein firedel av husleiga og halvparten av løna til kraftmeklarane på Aker Brygge, bør det kunne vere god butikk i Førde, meiner Nydal.

Stort potensiale i fylket

-

Sogn og Fjordane er i dag det fylket som har komme lengst, og vi har eit utbyggingspotensiale på 1,5 TWh. Noko som kan bety investeringar på over to milliardar kroner dei næraste 10 åra.