– Bruk bompengar på kystvegen og E39

STAMVEGEN: Dagens standard på E39 ved Økslandsvatnet.

STAMVEGEN: Dagens standard på E39 ved Økslandsvatnet. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

For første gong står næringslivet langs strekninga frå Selje til Førde skulder ved skulder i eit samla vegkrav.

DEL

– Ein kystveg mellom Måløy og Florø, og ein stamveg med tilfredsstillande standard frå Førde og sørover, er så viktig for næringslivet at det må kunne brukast bompengar som del av eit økonomisk spleiselag, meiner åtte næringsforeiningar og næringsråd.

Tungvektarane

Til saman representerer desse næringslivsorganisasjonane bedrifter med om lag 14 000 tilsette i Selje, Vågsøy, Bremanger, Flora og Førde.

Bompenge-aksepten er knytt opp til ein klar føresetnad om at det må skje ei massiv og heilskapleg satsing, og at både Bremanger 2 og opprustinga av E39 må kome i gang neste år, seier Leif Arne Åsen og Rolf Årdal i Sunnfjord Næringsråd til firda.no.

Dalsfjordbrua ikkje nemnt

Vegsatsinga det tunge næringslivsmiljøet tek til orde for, vil skape ei kommunikasjonsåre som går frå Måløy i nord, via Bremanger og Flora, innover til Førde og derifrå sørover mot Bergen. Satsingsområdet går i ein stor boge utanom HAFS-regionen, og Dalsfjordbrua er ikkje nemnt i det heile i næringslivsinitiativet.

Artikkeltags