Broren til avdøde Garolin Nesaraja ønskjer å komme i gravferda hennar. Måndag morgon skal han søkje om visum. Men det er enno ikkje sikkert om han kjem seg til Norge i tide.
– Det er ein sjanse for at han ikkje rekk det, men under desse omstenda, strekk dei seg nok langt for å få dette til, seier bistandsadvokat for familien Kristine Aarre Hånes.
Broren er nå i ferd med å samle inn pengar frå venner og slektningar i Jaffna, men dette dekkjer ikkje utgifter til billett. Venner av Garolin har så langt samla inn ca kr 3 000 via kronerulling, men endå står det att det ein del. Totalt kostar billigaste billett om lag 12 000 kroner.
– Det hastar. Han har forsøkt å skrape saman pengar frå familie, men det er ikkje nok. Det er difor starta ei kronerulling for å få han til Norge, slik at han kan ta eit siste farvel, fortel Hånes.
Om du ønskjer gje di støtte i kronerullinga, kan du setje inn pengar på RettAdvokat sin klientkonto: 8580 05 36451. Bidrag må da merkjast med «Støtte til Garolins etterlatne».