Bremanger har fått ny rådmann

Kommunesenteret Svelgen i Bremanger.

Kommunesenteret Svelgen i Bremanger. Foto:

Artikkelen er over 11 år gammel

Kommunestyret i Bremanger har tysdag tilsett ny rådmann, etter at Tor-Kristian Gulhaugen trakk seg etter Terra-skandalen.

DEL

Tom Joensen heiter mannen som skal få kommunen ut av det økonomiske uføret.

45 år gamle Joensen er i dag fungerande leiar i Bremanger Vekst, skriv firdaposten.no.

Han får dermed oppgåva å lose kommunen gjennom ein omfattande kutt- og snuoperasjon når Bremanger over dei neste ti åra må dekkje inn tapet etter finansskandalen som kosta kommunen minst 90 millionar kroner.

Ifølgje lokalavisa melde opphavleg ti søkjarar seg til rådmannsstillinga.

Forutan Tom Joensen var desse på søkjarlista:

  • Olav Mølster (42), tannlege og Frp-leiar, Florø
  • Norvall Bakke (40) økonomisjef og IKT-leiar i Vågsøy kommune.
  • Odd Jan Lien (54), forvaltningsrevisor, Loddefjord
  • Ole Sundnes (61), internasjonal rådgjevar, Oslo
  • Runar Kristiansen (41), dagleg leiar, Åsvang
  • Henry Gleditch Kleive (56), leiarutviklar, Oslo.

Ytterlegare tre søkjarar trekte søknadene.

Artikkeltags