Breim fekk bygdeutviklingspris

Norsk countrytreff er ein av faktorane som gjorde at Breim fekk årets pris for Idérike Bygdesamfunn i Sogn og Fjordane.

Norsk countrytreff er ein av faktorane som gjorde at Breim fekk årets pris for Idérike Bygdesamfunn i Sogn og Fjordane. Foto:

Idrett og country var faktorar som sikra sigeren.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Sogn og Fjordane fylkeskommune sin pris Idérike Bygdesamfunn 2009 er tildelt Breim og Breim Bygdeutviklingslag.

I skarp konkurranse med Oppstryn, Viksdalen og Vevring sikra breimingane seg premien på 30.000 kroner og eit spesiallaga diplom.

Juryen omtalar Breim som ei bygd med lange tradisjonar for å drive dugnad til beste for utvikling av bygda.

Breimsstafetten, Byrkjelo Games, nasjonale friidrettstemne og Norsk countrytreff blir trekte fram som døme på tilskipingar som understrekar bygda si vilje og evne til å dra lasset i lag på tvers av lag og organisasjonar, alder og kjønn.

Den målmedvitne satsinga på born og ungdom blir spesielt framheva av juryen.

Les meir om utmerkinga på Origo-sona Breim.

Artikkeltags