Brei semje mot fjorddeponi

Ingvar Bjarne Osland er ein av mange næringsdrivande som uroar seg for omdømet til dei som driv næring i fjord og på kyst dersom styresmaktene tillet dumping av kjemikalieblanda gruveavfall i Førdefjorden.

Ingvar Bjarne Osland er ein av mange næringsdrivande som uroar seg for omdømet til dei som driv næring i fjord og på kyst dersom styresmaktene tillet dumping av kjemikalieblanda gruveavfall i Førdefjorden. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

– Fjorddeponering bryt med «føre var»-prinsippet, seier Ingvar Bjarne Osland, ein av mange næringsdrivande som har signert eit opprop mot planane om dumping av kjemikalieblanda gruveslam i Førdefjorden.

Unison semje mot fjorddeponi

Med seg i oppropet har Osland mellom anna oppdrettskjempa Marine Harvest Norway pluss mange andre oppdrettarar, fiskarlag, fiskeslakteri, fiskefôrprodusentar, villaksforkjemparar, reiselivsselskap og andre som driv næring knytt til fjord og kyst.

Målet er å få møte fiskeriminister Elisabeth Aspaker (H) for å få lagt fram næringslivets uro knytt til konsekvensane av eit fjorddeponi.

Ottast konsekvensane

– Felles for dei som har skrive under på oppropet er at vi føler at vi ikkje blir høyrt, seier Osland som meiner at den største uroa er knytt til omdømme.

– Marknaden er veldig kjenslevar, og vi veit ikkje korleis kundane vil reagere dersom dei får vite at fisken dei et har vakse opp nesten midt i eit deponi med store mengder kjemikalieblanda gruveslam.

Osland driv oppdrett berre 3 kilometer frå der prosessanlegget til gruveselskapet er planlagt.

– Vår største uro er knytt til negative kundereaksjonar. Dersom styresmaktene gjev grønt lys for fjorddeponi vil det både vere eit klart brot på «føre var»-prinsippet, og det vil vere å gå baklengs inn i framtida.

Forelda teknologi

Biolog og initiativtakar til oppropet, Jan Arne Holm, er samd med Osland.

– Å tillate fjorddeponi ville vere å satse på gårsdagens teknologi i eit land som internasjonalt går i bresjen for reint miljø og berekraftige løysingar. Dyrking av havet og arbeidsplassar knytt til fjord og kyst skal jo vere morgondagens satsingsområde når oljealderen er på retur, påpeikar Holm.

– Miljødirektoratet veit ikkje kva dei snakkar om

Mineralselskapet Nordic Mining, som ønskjer å dumpe kjemikalieblanda gruveslam i Førdefjorden, har på si side sendt brev til Klima- og Miljødepartementet (KMD), der det kjem tydeleg fram at selskapet er særs misnøgd med Miljødirektoratet si tilråding om å rå frå dumping av gruveavfall.

«Antagelser uten rot i kunnskapsgrunnlaget»

Der skriv mineralselskapet mellom anna at direktoratet si tilråding er basert på antakelsar og ikkje har rot i det gjeldande kunnskapsgrunnlag. Slik uttrykkjer selskapet si usemje:

  • Direktoratets tilråding om moglege konsekvensar for pigghå er basert på gjetting og har ikkje rot i det føreliggande kunnskapsgrunnlaget.
  • Direktoratet kan ikkje vise til ny kunnskap om blålange som endrar konklusjonen frå konsekvensutgreiinga om at deponiområdet har ein marginal betydning for arten. Den negative bestandsutviklinga for blålange er eit resultat av overfiske.
  • Det er ikkje sannsynleggjort at deponiet vil forhindre at kysttorsk kan vandre gjennom reguleringsområdet. Modelleringane viser at mesteparten av vannvoluma over deponiet vil vere uberørt.
  • Det er ikke sannsynleggjort at deponiet vil forhindre at ål kan vandre gjennom reguleringsområdet. Studie viser at ålen i stor grad vandrar i dei øvre 10-25% av vassmassene.
  • Direktoratets konklusjon om forringing av fjordens økosystem er basert på ikkje-dokumenterte anslag og upresis informasjon. Det omsøkte deponiarealet dekkjer maksimalt 13% av den flate fjordbotnen (>200 meters djup) etter 50 års drift, og maksimalt 6% av totalt botnareal i fjorden.

Artikkeltags