Bravo-leiken i forskingsprosjekt

Heidi Aabrekk frå Sandane har utvikla Bravo-leiken som no er plukka ut til å vere med i distriktshøgskulen sitt forskingsprosjekt. Bildet er frå Fossebakken familiebarnehage, ein av 200 barnehagar som brukar Bravo-leiken.

Heidi Aabrekk frå Sandane har utvikla Bravo-leiken som no er plukka ut til å vere med i distriktshøgskulen sitt forskingsprosjekt. Bildet er frå Fossebakken familiebarnehage, ein av 200 barnehagar som brukar Bravo-leiken. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel
DEL

Heidi Aabrekk har utvikla Bravo-leiken. No blir den ein del av eit forskingsprosjekt i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Rundt 100 born mellom 1 1/2 og 2 år blir med i forskingsprosjektet som startar kommande haust.

Borna skal trene systematisk på språk og fysisk aktivitet i ca 15 minutt dagleg i to periodar kvar på tre månader. Gjennom prosjektet skal vi måle om dette gir effekt på bornas språklege og kommunikative evner. Kunnskapen vi får gjennom denne prosjektet kan vere viktig i arbeidet med å førebygge framtidige lese- og skrivevanskar, seier prosjektleiar Gøran Søderlund.

Ikkje gjort før

Svensken er førsteamanuensis i spesialpedagogikk og har jobba som lærar og forskar ved høgskulen i Sogndal i tre år. Så vidt han kjenner til er det ikkje gjennomført tilsvarande studie så tidleg i barns oppvekst.

Han understrekar at eitt viktig poeng er at treninga gjeld alle born i gruppa.

Det er inga form for utveljing, seier Søderlund.

Fantastisk utvikling

Vi veit at det skjer ei fantastisk utvikling når borna er mellom halvtanna og to år. Spørsmålet er om ekstra trening kan tilføre noko. No skal vi bruke etablerte kartleggingsmetodar ulike pedagogiske metodar og måle effektane systematisk trening har på så små born. Og både foreldre, forskarar og pedagogisk personale skal følge utviklinga uavhengig av kvarandre, seier han.

Spesialpedagog Heidi Aabrekk på Sandane har utvikla læreleiken Bravo. Her får mellom andre born mellom eitt og to år leikprega og systematisk øving. Metoden baserer seg på ord og omgrep, fysisk aktivitet, tryggleik og kosthald. Dei to siste elementa er ikkje med i forskingsprosjektet fordi fokuset er språkstimulering.

22 barnehagar er med

Vi skal isolere det heile til effekten av systematisk trening knytt til lesestimuli, seier Søderlund.

22 barnehagar melde si interesse, og blir med på prosjektet. Halvparten skal bruke Bravo, den andre halvparten skal følge ordinær rammeplan for barnehagen, men får også kunnskap om språkutviklinga hos barn, eit opplegg utarbeid av Statped Vest

Plasseringa i gruppe vart avgjort ved loddtrekning, og mellom fire og seks born frå kvar av barnehagane får dagleg systematisk språkopplæring i tre månader i haust. Neste vår skal gruppene gjennomføre eit tilsvarande opplegg, etterfølgt av måling for å kartlegge utviklinga, seier Søderlund.

Høgskulen har tidlegare hatt tilsvarande forskingsprosjekt på fire og fem åringar. No ønskjer dei å teste effektane av å gå inn med systematisk trening i ein endå tidlegare fase.

Veit ingen ting

I denne fasen veit vi ingen ting. Bravo er eit verktøy som er utvikla. Om det verkar veit vi ikkje, svaret får vi gjennom dette prosjektet, seier han.

Det store spørsmålet er om det er mogleg å trene så små born

Innledning: Opp mot 20 prosent av alle born treng ekstra språkstimulering, og mykje forsking viser at tidleg innsats vil verke førebyggjande, seier forskar Gøran Søderlund.

Tidleg innsats svært viktig

Og av dei som har språkvanskar blir berre fem prosent oppdaga i barnehagen.

Vi veit også at viss det blir sett inn tiltak først når barna er ni-ti år gamle er det som regel for seint. Difor er det katastrofalt å vente så lenge. I det bildet er tidleg innsats svært viktig, og difor er dette forskingsprosjektet eit viktig bidrag for å finne svar, seier Søderlund.

Han er svært spent på kva som kjem ut av prosjektet, og får dei første indikasjonen våren 2015. Seks månader seinare er det endelege resultatet klart.

Svara vi får er avhengig av kva som skjer vidare. Finn vi noko som er interessant, kan det bli aktuelt å køyre eitt år til på same måte. Då med 20 nye barnehagar for å få ei større referansegruppe, og dermed kunne trekkje endå sikrare konklusjonar, seier Søderlund.

Å bli plukka ut i dette forskingsprosjektet opplever eg som ein slags aksept. Svara vi får vil vise om Bravo-leiken har den effekten eg meiner den har.

Opplever det som aksept

Dette seier Heidi Aabrekk, spesialpedagogen frå Sandane som brukte metoden for å hjelpe sin multihandikappa son.

I dag har 200 norske barnehagar og nær 700 private teke i bruk Bravo-leiken, som omfattar fire element: språk- og sansestimulering, fysisk aktivitet, tryggleik og kosthald.

Vi registrerer positiv effekt, tilbakemeldingane frå barnehagane er positive. Ein fersk rapport utarbeidd Vista analyse viser også at tidleg innsats har positiv påverknad av barns språkutvikling, seier Aabrekk.

Glad for at mange års hardt arbeid er i ferd med å gi resultat.

Det har ikkje vore enkelt å stå åleine. Utan eit brennande engasjement og god støtte frå Innovasjon Norge og Ferd hadde eg ikkje halde ut. Eg registrerer at debatten om tidleg innsats er stor. Gjennom dette prosjektet kan vi få vite om systematisk språktrening har effekt på små barns utvikling, seier Aabrekk

Artikkeltags