Bråstad tek ordførarklubba i Hyllestad

Tore Bråstad.

Tore Bråstad. Foto:

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

Det skal mykje til for at ikkje Tore Bråstad i Senterpartiet tek over ordførarklubba etter Arbeidarpartiets Harry Mowatt.

DEL

Svein Arild Dale har ikkje greidd å følgje opp Harry Mowatts popularitet. Arbeidarpartiet går attende 14,2 prosent, og får ein oppslutnad på 26,3 prosent. Det er 12 år sidan sist Hyllestad ikkje hadde Arbeidarpartiordførar, når ein ser bort ifrå ein periode då Mowatt hadde permisjon. Sjølv om Senterpartiet har tapt røyster sidan siste val, er dei klare vinnarar, ettersom veljarane no har hatt valet mellom fem parti, mot tre tidlegare.

- Korleis skal du feire, Tore Bråstad?

- Eg har ikkje planlagt noko, men eg skal ha ein smak av ein cognac av typen Braastad.



Vil bli ordførar


Tore Bråstad er glad for at Hyllestad har fått to nye vallister, og ønskjer å samarbeide med Høgre og Kristeleg Folkeparti.

- No er det litt fleire å forhandle med, heldigvis. Vi vil snakke med alle, men Arbeidarpartiet og Samlingslista har jo hatt eit samarbeid, seier Bråstad, og slår fast:

-Vi har eit krav om ordføraren.

- Men Høgre ønskjer omkamp om eigedomsskatten, og Kristeleg Folkeparti brenn ikkje akkurat for eigedomsskatt dei heller.

- Ja, det vert utfordrande forhandlingar. Vi får sjå. Vi har eit ope utgangspunkt, og må komme i dialog. Vi kan ikkje gå med på uforsvarleg økonomistyring. Høgre og Kristeleg Folkeparti får kanskje eit anna syn på det når dei kjem betre inn i budsjettet. Dessutan har Hans Emil Dale i Samlingslista røysta for eigedomsskatt, sjølv om partiet seier dei er imot, så eg veit ikkje heilt kva eg skal tru.


Gode val for nye lister

Både Høgre og Kristeleg folkeparti stilte med nye lister i Hyllestad, der Arbeidarpartiet dei siste fire åra har hatt overtaket med Samlingslista på vippen.

Høgremannen Knut Olav Skår er fornøgd med 12,4 prosent av røystene, sjølv om han sjølvsagt hadde sett at det endelege resultatet likna meir på prognosane etter at stemmesedlane til dei som hadde førehandsrøysta var opptalde. Då låg Høgre nemleg likt med Senterpartiet på 23,9 prosent, med Arbeidarpartiet like over på 26,3 prosent.

- Eg fekk ei dårleg magekjensle då, erkjenner Tore Bråstad. Men tala skulle altså snuast opp ned, når resten av røystene kom med i reknestykket.


Færre i kommunestyret


Politikarane har bestemt å redusere talet på kommunestyrerepresentantar til 17. Av dei er fleire nye i politikken.

Hordalendingen Bjarte Haugstveit, som flytta til Hyllestad i januar i år, oppnådde heile 10,3 prosent, og partiet får to representantar i kommunestyret.

Høgre får også to mandat, medan Samlingslista får tre, Arbeidarpartiet får fem og Senterpartiet fem.

Artikkeltags