Kring klokka 9 i dag tidleg braut det ut brann ved Endestad Camping på Storebru i Eikefjord. Brannmannskapa rykte ut og fekk raskt kontroll over flammane.

Det var ei av hyttene ved campingplassen som tok fyr, men det var ikkje folk i hytta då brannen braut ut.

Totalskadd

Personen som leiger hytta var på veg til Florø, då hytta hans tok fyr.

– Hytta er totalskadd. Den ser bra ut utvendig, men ikkje innvendig. Det kan sjå ut som brannen har starta i stova, seier eigar av campingplassen, Hans Endestad.

Tok over for to år sidan

Endestad kjøpte campingplassen for to år sidan, og hytta var ei av dei som er pussa opp etter overtakinga.

– Eg er berre glad for at det ikkje gjekk liv under brannen, seier han.

– Ingen vart skadd i hendinga, får Firda opplyst opplyst frå brannvesenet.