Bøtelagt for 1,5 millionar

Eras Metal i Høyanger er bøtelagt for 1,5 millionar kroner.

Eras Metal i Høyanger er bøtelagt for 1,5 millionar kroner. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel
DEL

Statsadvokaten i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har skrive ut eit førelegg på 1,5 millionar kroner til industriverksemda ERAS Metal AS i Høyanger.

Dette grunna ulovlege utslepp av kvikksølv og flusyre til luft i perioden juli – desember 2008, opplyser politiet på heimesidene sine.

Vidare skriv dei:

I tillegg er tidlegare dagleg leiar og tidlegare styreleiar i verksemda tiltala for alvorlege brot på forureiningslova ved at dei ikkje sette i verk tiltak for å stanse dei ulovlege utsleppa.

Etter tiltalen mot dei to synte verksemda sine eigne kontrollmålingar mellom anna at utsleppa av kvikksølv oversteig konsesjonsgrensene med opp mot 55 gonger utan at tiltak vart sett i verk.

Saka har vore etterforska av Høyanger lensmannskontor, og er venta å komme opp for Fjordane tingrett i løpet av vinteren 2011.

Artikkeltags