Gå til sidens hovedinnhold

Bør denne brua heite «Pont oppidan»?

Artikkelen er over 11 år gammel

Arne Aasland kastar seg inn i debatten om kva den omstridde gangbrua ved Jølstra skal heite.

- Kall brua «Pont oppidan», seier lokalhistorikar Arne Aasland og foreslår å setje den nye gangbrua ved Jølstra inn i ein europeisk namnetradisjon.

Aasland har dei siste åra grave fram mykje ny kunnskap om namn- og lokalhistorie i Førde. Forslaget om «Pont oppidan» som namn på nyebrua har først og fremst ein kulturhistorisk bakgrunn.

Bruby

Frå 1927 til 1957 låg eit apotek der banken no ligg. I følgje Torkjell Djupedals kulturhistoriske vegvisar fekk apoteket namnet Pontoppidan, av ukjend grunn.

Aasland meiner å ha funne forklaringa på namnet. Eit apotek i Bergen har hatt dette namnet, og «pont» tyder «bru» på latin.

– Apoteket låg jo ved Langebrua, og når «oppidan» tyder by eller stad, såg ein latinkyndig apotekar koplinga, trur Aasland.

Pontoppidan er eigentleg ei latinisering av byen Broby på Fyn og blei brukt av danske familiar som slektsnamn. I Norge er biskop Erik Pontoppidan og hans forklaring som norske konfirmantar måtte pugge, eit omgrep.

I europeisk samanheng

Aasland meiner eit namn som tyder bru+by passar med Førde si utvikling.

– Førde er i ferd med å bli ein bruby, fastslår han.

Eit anna poeng er at «Pont oppidan» set brua inn i ein europeiske namnetradisjon, meiner Aasland og nemner Pont Neuf i Paris som eit døme.

– Gangbrua ved Jølstra går mellom eit kommande kunstgalleriet og statuen av ein kreativ kunstnar, og då kan brua godt ha eit litt kunstnarisk namn. «Pont oppidan» kan vere ein frisk og dristig variant.

– Det har litt riksschwung over seg og står i kontrast til trauste Førde-namn, seier han.

Sidan bruken av «Pontoppidan» som brunamn ville vere ny, har ein språklærar foreslått å bruke skrivemåten «Pont oppidan» Det tykkjer Aasland er ein god idé. Det er lettare å oppfatte, er ulikt familienamnet Pontoppidan, men nær nok apoteknamnet. Han ser føre seg eit skilt ved brua som forklarar den kulturhistoriske bakgrunnen for eit slikt namn.

  • Kva meiner du? Diskuter her.