Bokmålet forsvinn i Flora-skulen

Av
Artikkelen er over 14 år gammel

Til saman 180 førsteklassingar skal ta til i Flora-skulane til hausten, ei auke på 11 samanlikna med 2003. Og for aller første gang ser det ikkje ut til å bli oppretta ny bokmålsklasse i kommunen i det heile.

DEL

Det er i Florø og nærliggjande område elevauken kjem, medan dei små utkantskulane slit med rekrutteringa. Florø barneskule får 73 førsteklassingar, Krokane skule får 30, Torvmyrane 32 og Brandsøy 12 nye elevar, medan Eikefjord får 21 førsteklassingar, ein meir enn i fjor. Askrova, Årebrot, Svanøy, Steinhovden og Solheim skule får ein førsteklassing kvar. Standal og Rognaldsvåg får to, medan Batalden får tre førsteklassingar. Men endringane i elevtalet er ikkje dramatisk for nokon av skulane.

Nynorskskule

Alle skulane i Flora, også Florø barneskule, har nynorsk som opplæringsmål, men på Florø barneskule har ein alltid hatt bokmålsklassar. Det blir det slutt på no: Dersom ti eller fleire elevar ved ein skule ønskjer opplæring på eit anna hovudmål, har dei rett til dette, men innskrivinga ved Florø barneskule syner at berre ni elevar har kravd bokmålsundervisning. Dermed kan skuleåret 2004/2005 bli historisk ved at det ikkje blir oppretta ny bokmålsklasse i kommunen i det heile.

Artikkeltags