BOiVEST og BOB slår seg saman

BOiVEST fusjonerer med BOB og skiftar namn, men i utgangspunktet held talet på tilsette og kontorstrukturen i Florø og Førde seg lik. På bildet direktør i BOiVEST Liv Judit Straume.

BOiVEST fusjonerer med BOB og skiftar namn, men i utgangspunktet held talet på tilsette og kontorstrukturen i Florø og Førde seg lik. På bildet direktør i BOiVEST Liv Judit Straume. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Einige om fusjonering.

DEL

Ekstraordinære generalforsamlingar i bustadbyggelaga BOiVEST (Førde) og Bergen og Omegn Boligbyggelag (BOB) har onsdag kveld blitt einige om at dei to bustadbyggelaga fusjonerer. Det melder dei to bustadbyggelaga i ei pressemelding.

Fusjonen vil skje ved at BOiVEST blir ein del av BOB – og at fusjonspartnarane i framtida blir samla under namnet Bergen og Omegn Boligbyggelag.

28 kommunar

BOiVEST sitt nedslagsfelt, som dekker 17 av kommunane i Sogn og Fjordane, blir Region NordVest i det fusjonerte BOB.

BOB vil etter fusjonen vere representert i til saman 28 vestlandskommunar.

Det fusjonerte bustadbyggelaget vil få 65.000 medlemmer/andelseigarar, og vil forvalte 22.500 bustader, med forretningsføraravtalar med 400 bustadselskap. Dette fører til at BOB styrker posisjonen som det største bustadbyggelaget på Vestlandet – med god margin.

Misser ikkje tilsette

BOiVEST – som er det største bustadbyggelaget i Sogn og Fjordane, har 16 tilsette – med hovudkontor i Førde og med kontor i Florø. Fusjonen mellom bustadbyggelaga vil i utgangspunktet ikkje føre til endringar i talet på tilsette eller dagens kontorstruktur.

Artikkeltags