Blir ny næringssjef i Gloppen

Knut Roger Nesdal blir ny næringssjef i Gloppen. Foto: Svein Heggheim

Knut Roger Nesdal blir ny næringssjef i Gloppen. Foto: Svein Heggheim

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Knut Roger Nesdal blir ny næringssjef i kommunen han sjølv kallar fylkets gründerhovudstad.

– Det er berre å sjå kven som har fått gründerprisane i fylket dei to siste åra for å dokumentere ein slik påstand, seier den nytilsette næringssjefen.

Melin Medical fekk prisen i 2013. I år gjekk den til Heidi Aabrekk, også ho etablert med eiga suksessbedrift på Sandane, Intempo.

– Det blir ei spennande reise, og eg startar med blanke ark – i første omgang for å setje seg inn i alt det nye, seier han.

Farvel til Aabrekk

Nesdal vore engasjert i Intempo dei siste månadene, men i går vart det klart at han vinkar farvel til Aabrekk. 2. januar er han på plass i Heradshuset for å ta over den nyoppretta stillinga som næringssjef i kommunen.

– Avgjerda var langt frå enkel, for Aabrekk har ei fantastisk satsing på gang. Men som næringssjef får eg utfordringar i fleng, mellom anna med å hjelpe fram den underskogen som er av spennande næringslivssatsingar i kommunen. Dei er det mange av, men sjølve snakkar dei ikkje så mykje om det, seier Knut Roger Nesdal.

Mange ulike roller

45-åringen har ein mangslungen karriere i ulike roller. Han har jobba som sals- og marknadssjef i Skogstad sport i over tre år, men sa takk for seg då stillinga vart flytta til Oslo for kort tid sidan.

I ti år var han sals- og regionsjef ved Maske-gruppen på Sandane. Men Nesdal har også ti års fartstid som direktør i ulike hotell fleire stader i landet, mellom dei Hotel Union i Øye. Han er no medeigar og styreleiar i Glassmagasinet og Aagård sko på Sandane.

11 søkjarar

Han var ein av 11 søkjarar til stillinga og er svært glad for å få tillit.

– Etter at søkjarlista vart kjend, har eg fått mykje støtte, og eg gler meg veldig til å ta fatt, seier Nesdal.

Klar på at overgang frå privat til kommunal sektor blir ei av dei store utfordringane.

– I utlysinga står det at tolmod er ein viktig eigenskap. Der har eg nok litt å hente, sjølv om eg meiner det å vere utolmodig er ein viktig eigenskap. Men eg er lærevillig, seier Knut Roger Nesdal.

Artikkeltags