– Blir huset rive er det på grunn av prestisje og manglande respekt

Vikenhuset står sentralt plassert på Skei i Jølster.

Vikenhuset står sentralt plassert på Skei i Jølster. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Vikenhusets vener har no sendt brev til riksantikvar Jørn Holme, der dei ber om mellombels freding av Vikenhuset på Skei.

– Dette er ein siste utveg for å berge dette kulturminnet, skriv venene i brevet.

Prestisje og respekt

I brevet som er underskrive av Jarle Helgheim, Marit Hartvedt og Hallvard Viken, på vegner av Vikenhusets vener, står det mellom anna:

«Jølster kommunestyre vedtok i går med overveldande fleirtal at saka ikkje skulle takast opp til ny vurdering, trass i at Fortidsminneforeninga ville ta det fulle og heile ansvaret for huset, og dessutan forplikta seg til å gå tungt inn i vern av det freda Midttunet. Ein kan trygt seie at det no når som helst kan bli rive eit kulturminne på grunn av prestisje og manglande respekt for våre kulturverdiar.»

Dei legg til at Vikenhuset sin lagnad bør bli avgjort i samanheng med ein gjennomarbeidd framtidig plan for vern av kulturminna i Jølster. Eit arbeid som vart sett i gong i fjor, med fylkeskommunalt tilskot.

Vil rive og lage plen

Ifølgje venneforeininga er Vikenhuset i god stand, og heilt autentisk, både ute og inne.

– Det er eit godt døme på eit 1930-tals vestlandshus i jugend- og nyklassisismestil med ein fin glasveranda. Huset står ikkje i vegen for noko som helst; det skal berre lagast ein plen der. Huset ligg særs sentralt til i kommunesentret og er visuelt framståande. Vikenhuset er eit viktig historieforteljande element om tettstaden Skei si utvikling. Sogn og Fjordane fylkeskommune, Riksantikvaren og Fortidsminneforeninga har alle gitt huset særs høg vernestatus, skriv dei i brevet.

Stor merksemd

Saka om Vikenhuset har fått stor merksemd, både regionalt og nasjonalt. Aviser har skrive om saka, og har hatt mange debattinnlegg på trykk. I tillegg har saka vore på både radio og i TV.

– Eit fredingsvedtak vil bli forstått og godt motteke av dei langt fleste som interesserer seg for kulturminnevern, og det vil gje ein tenkepause som kan gje rom for ei positiv løysing, avsluttar veneforeininga brevet til riksantikvaren.

Artikkeltags