Blir heidra for arbeidet sitt

HEIDRA: Hilde Buer og Anders Braanaas fekk Økopris Vestlandet under Matfestivalen i Bergen i helga.

HEIDRA: Hilde Buer og Anders Braanaas fekk Økopris Vestlandet under Matfestivalen i Bergen i helga. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

– Veldig kjekt, men også grådig overraskande, seier Hilde Buer og Anders Braanaas etter at dei fekk pris for sitt engasjement for økologisk landbruk.

DEL

– Det var veldig fint å få ei slik påskjønning og bli verdsett for noko ein har drive med i mange år, seier Anders Braanaas etter at han og sambuaren Hilde Buer i helga fekk Økopris Vestlandet 2014.

– Fantastisk her ute

Paret får prisen for sitt heilskaplege engasjement for økologisk landbruk i vid forstand, heiter det i ei pressemelding frå Oikos Vest, som deler ut prisen.

Buer og Braanaas har tidlegare drive med økologisk landbruk på kvar sin kant. Men for seks år sidan starta paret opp saman på eit gardsbruk i Grøneng i Florø. I fjor haust flytta dei til Værlandet der dei no har 500 villsauer som går ute året rundt og finn det dei treng av mat utandørs.

– Det er fantastisk å bu her ute, folk er veldig hyggelege og vi har blitt godt tatt imot. Dessutan er landskapet her ute som skapt for sauene våre, dei har det veldig godt her, seier Buer.

– Den rette vegen å gå

Braanaas fortel at dei driv økologisk landbruk fordi dei er oppteken av å ta vare på naturen.

– Vi meiner det er verdifullt for miljøet og for matkvaliteten, seier han.

– Og så er det for at etterkommarane våre skal ha det like godt som oss. Vi føler at dette er den rette vegen å gå, legg Buer til. Økopris Vest blir delt ut kvart år til personar eller verksemder som har gjort ein særleg innsats for å fremme økologisk landbruk, forbruk og utvikling. Og i år var det altså duoen i Værlandet som fekk prisen.

Villsau og spelsau

Buer og Braanaas er mest kjent for engasjementet sitt for sauerasar som villsau og spelsau og økologisk landbruk i praksis.

I tillegg til at duoen har engasjert seg i økologisk landbruk gjennom eiga drift i ei årrekke, har dei også engasjert seg på det teoretiske plan. Mellom anna har dei to vore tillitsvalde i øko-organisasjonar og som fagbokforfattarar.

Dei har òg i ei årrekke vore inspiratorar og pådrivarar i det økologiske miljøet, heiter det i pressemeldinga.

Artikkeltags