Stormen Dagmar er venta å treffe Sogn og Fjordane for fullt i løpet av søndag kveld og med orkan i kasta trur meteorologane at den kan bli den kraftigaste på fleire tiår.
Bles kraftigare enn orkan
LES OGSÅ: Uvêr og straumbrot over heile fylket
I indre strok av Sunnfjord har fleire merka starten på det gryande uvëret i løpet av ettermiddagen og tidleg kveld. Fleire tre har falle over vegane, og tusenvis har i lange periode vore heilt utan straum.
Og dersom vêret var ille i innlandet, er det mange gonger heftigare på kysten av Sogn og Fjordane.
LES OGSÅ: - Spennande timar utover
Ved Kråkenes fyr utanfor Måløy var vinden ved 19-tida målt til ein styrke på 75 knop, noko som er langt over grensa for ein orkan.
- Vanskeleg å stå oppreist
LES OGSÅ: Varslar ekstremvêr òg her i fylket
- Eg var nettopp ein tur ned til sjøen for å sjekke fortøyningane på båten før det verste set inn, og finn det rett å seie at det er farleg å bevege seg ute, fortel Svein Rune Krakereid frå Selje til firda.no.
Han fortel at det er vanskeleg til og med for vaksne å halde seg på beina i uvêret og kan rapportere om bygningsmateriale, bosdunkar og mykje forskjellig som fyk rundt i vinden.
LES OGSÅ: Politiet ber folk halde seg heime
- Ein skulle tru det regnar, men det er mest sjøvatn som driv på land. Rutene vibrerar i husa og straumen er av og på i varierande syklusar, seier Krakereid.