Gå til sidens hovedinnhold

Blei nye med Erlend Elias

Artikkelen er over 8 år gammel

Førde-damer strøymde til for å få hjelp av makeup-artist, Erlend Elias Bragstad. Sjå også

I helga var kjendis-stylist og makeup-artist Erlend Elias Bragstad i Førde for å hjelpe damene med å framheve sine naturleg vakre trekk. Fredag kveld var det duka for Damenes Aften på Førde Hotel. I samarbeid med kosmetikkselskapet Oriflame og butikkane Mozart, Vivikes og Dna, samt frisørar frå Hårologissalongen vart det haldt mote- og makeup-show. Heile 120 damer møtte opp.

– Så mange flotte damer på ein plass. Er det no eg skal sei det er synd at eg er homo? braut Erlend Elias ut med stor på påfølgjande latterbølge frå seg sjølv og dei frammøtte.

To damer, Lill Anette Juvik og Aud Strømslid, var så heldige å få ein "Bli ny dag", og vandra fredag kveld ned catwalken på Førde Hotell til stor entusiasme frå publikum.

– Det går ikkje å sjå at det er samme damene. Det er heilt utruleg, utbraut ei dame frå publikum under showet.

Sminka halvt ansikt

Erlend Elias Bragstad er etter kvart blitt ein kjend figur i motebildet i Norge, og skildrar seg sjølv som stylist, makeup-artist og drama queen.

Fredag gjekk han detaljert gjennom korleis ein skal sminke seg for å framheve sine naturleg vakre trekk. Han sminka i løpet av kvelden halve ansiktet til Torunn Espeseth, frå Viksdalen, for å vise kor mykje sminke kan gjere med eit ansikt.

– Du ser jo ut som du har fått slag, seier han ivrig om ansiktet til Espeseth.

Lørdag hjalp han fleire kvinner, denne gongen tilsette i kommunen i høve arrangementet Fag og Fjas, med å legge riktig sminke. I eit klasserom på Førde Ungdomsskule sat om lag 30 kvinner i ulike aldra på skulebenken for å lære av meisteren. Iført kvite panneband, i eit virrvarr av ulike produkter, fulgte dei konsentrert med på kva den ivrige makeup-artisten fortalte.

– Damene underdriver

– Problemet til damene her er ikkje at dei overdriver sminka, men heller at dei underdriver, sa Erlend Elias fredag kveld om damene i Førde.

Hans viktigaste tips er å framheve sine naturleg vakre trekk.

– Enten har ein leppene, eller så har ein augene. Framhevar ein det beste trekket, er mykje gjort, seier han.

Kommentarer til denne saken